Foto frå Surnadal, 2022. Surnadal var pilotkommune for gjennomføring av ROS-analyse av kulturmiljøet i Surnadalsøra.
Susanne Busengdal / Møre og Romsdal fylkeskommune
Midlane, som over statsbudsjettet er tildelt av Riksantikvaren, skal konkret gå til å arbeide med kommunale kulturmiljøplanar, beredskapsplanar og risiko- og sårbarheitsanalyser (ROS-analyser) av kulturmiljø.
Fordeling av midlar i fylket i år
Mottakar | Tildelt beløp (kr) |
---|
Stranda kommune | 150.000 |
Ålesund kommune | 150.000 |
Fjord kommune | 100.000 |
Sula kommune | 100.000 |
Hareid kommune | 100.000 |
Herøy kommune | 100.000 |
Møre og Romsdal fylkeskommune | 300.000 |
Sum: | 1.000.000 |
Ålesund, Herøy og Sula, har søkt og fått midlar til å ferdigstille kulturmiljøplanane sine.
Fjord, Stranda og Hareid har søkt og fått midlar for å revidere eksisterande planar, slik at dei kan oppdaterast og forbetrast i tråd med dagens behov og utfordringar.
Stranda kommune skal gjennomføre Risiko- og sårbarheitsanalyse av eit utval av sine utsette kulturmiljø. Midlane som fylkeskommunen vart tildelt, skal gå til å hjelpe kommunane i arbeidet, kurs i kulturminnerett for saksbehandlarane i kommunane, samt digitalisere kulturminne i kartteneste.
Nasjonal satsing
Det er ei nasjonal satsing at alle kommunar i Noreg skal ha utarbeidd kulturmiljøplan. Hensikta med kulturmiljøplanar er at kommunane har oversikt over viktige kulturminne i si eiga kommune. 21 av 27 kommunar i Møre og Romsdal har ferdige og politisk vedtatte kulturmiljøplanar. Les meir om kulturmiljøplanar her: Kulturmiljøkompetanse i kommunene - Riksantikvaren
Risiko- og sårbarheitsanalyser blir brukt for å avdekke kva faktorar som truar kulturminna og kan brukast som grunnlag for kommunens totalberedskap. Ved å identifisere risikoar og sårbarheiter kan kommunane utvikle handlingsplanar for å bevare kulturminna. Det kan vere ras, flaum, brann, styrtregn, eller andre problemstillingar. Kommunane er fyrstelinja når kulturarven er trua.
Les meir om ROS-analyser, beredskapsplanar for kulturminne her: Beredskap, risiko og sårbarheitsanalyser - Riksantikvaren
Pilotkommunar
Tidlegare har Ørsta, Sunndal, Surnadal og Hustadvika vore pilotkommunar som prøvde ut ROS-analysemetoden i 2022/23. Les artikkel om arbeidet her:
Testar rettleiar ved rasutsette fjellgardar - Riksantikvaren
Riksantikvaren vil styrke beredskap for kulturmiljø – Fjellgardane i Sunndal blir pilot – NRK Møre og Romsdal – Lokale nyheter, TV og radio
Ler meir om årets tildeling her: Støttar beredskapsplanar i kommunane - Riksantikvaren