Éin million kroner ekstra til kulturbygg i Volda og Ålesund

Volda samfunnshus får 74.000 kroner og Stiftinga Viti får 926.000 kroner til Sunnmøre museum.

Eit einstemmig kultur- og folkehelseutval fordelte tysdag éin million kroner i restmidlar frå spelemidlane til kulturbygg.

Volda samfunnshus får 74.000 kroner. Samfunnshuset fekk tidlegare 1.689.000 kroner, og med den nye tildelinga får prosjektet heile det godkjende tilskotsbeløpet på 1.763.000 kroner. Ombygginga skal mellom anna gi lokale til fritidsklubb, kino og scene og forsamlings- og festlokale.

Stiftinga Viti får 926.000 kroner til publikumsareal ved Sunnmøre museum. Søknaden gjeld ein universelt utforma utstillingssal i andre etasje og utvikling av eit fleirbrukslokale for foredrag, konsertar, verkstader og kurs i første etasje. Stiftinga kan søke om det resterande godkjende tilskotsbeløpet i 2027.

Pengane kjem frå inndratte og tilbakebetalte midlar i den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg, og til søknadar som alt er godkjent. Tidlegare i 2026 fordelte fylkeskommunen 5.377.000 kroner gjennom ordninga. Med restmidlane blir det samla fordelt 6.377.000 kroner til kulturbygg i år.

Møteprotokoll og saksframlegg for kultur- og folkehelseutvalet tysdag 20. oktober