Barbro O. Midtgård.
Tommy Rasmussen
Tove Lersveen.
Rita Løseth, Nyss
(Dette er ein kronikk skrive av Barbro Midtgård, rektor Sykkylven vgs og Tove Lersveen, konst. rektor Stranda vgs.)
Difor er det viktig å vere open om kvifor dette skjer, kva som er bestemt, og korleis vi no skal byggje noko nytt saman.
Når rammevilkåra endrar seg
Elevtalet er ikkje det same som før verken i Stranda eller i Sykkylven, og krava til kvalitet, breidde og relevans aukar. Små fagmiljø blir sårbare, og handlingsrommet blir trongare.
I eit slikt landskap handlar samanslåinga om å vere i forkant, ikkje i etterkant. Om å samle krefter medan vi framleis har styrke til å utvikle, ikkje berre til å tilpasse oss.
Målet er tydeleg: eit sterkare fagmiljø, eit meir berekraftig tilbod og ein skule som står stødig også i åra som kjem.
Éin organisasjon, to levande studiestader
Vedtaket er fatta: Frå hausten 2027 blir dei to skulane ein felles organisasjon, med éin rektor og ei samla leiing. Samstundes ligg det fast at både Stranda og Sykkylven skal bestå som studiestader.
Skulekvardagen vil framleis ha eit lokalt ankerfeste. Dørene opnar der dei alltid har opna. Elevane møter dei same korridorane, dei same verkstadene, dei same menneska.
Men bak det kjende skal noko nytt vekse fram: ein skule med felles retning, felles ansvar og større kraft.
Å byggje, ikkje berre slå saman
Ein skule blir ikkje til ved å teikne nye strekar på eit organisasjonskart. Han blir til gjennom måten vi arbeider på, måten vi tenkjer fellesskap på, og måten vi møter kvarandre på. Difor er arbeidet som no er i gang, heilt avgjerande.
Det er etablert ei styringsgruppe, ei prosjektgruppe og fleire referansegrupper. Dette er ikkje tilfeldig. Det er eit medvite val om å leggje til rette for involvering, forankring og reell medverknad.
Prosjektgruppa, med leiarar og arbeidsplasstillitsvalde frå begge skulane, har fått eit tydeleg og omfattande mandat. Dei skal forme sjølve ryggrada i den nye skulen og sjå på korleis vi organiserer oss og fordelinga av roller og ansvar. Dette er ikkje små avgjerder. Det er dette arbeidet som vil avgjere om samanslåinga blir ei reell styrking.
Endring som verkar i kvardagen
For elevane skal det vere trygt å velje Stranda og Sykkylven vgs på indre Sunnmøre. Begge skulane scorar i dag høgt på Elevundersøkelsen og har ein høg andel elevar med fullført og bestått vgs. Samstundes skal vi våge å tenkje framover.
Når fagmiljø samarbeider på tvers av studiestadene, skjer det noko - kompetanse blir delt, perspektiva blir fleire, og kvaliteten kan aukast. Sårbare fag kan bli robuste. Moglegheiter kan opnast.
Endringane kjem ikkje over natta. Dei vil kome steg for steg, men med retning.
Vi skal byggje noko nytt, samstundes som vi tek vare på det som allereie har høg kvalitet og som vi er stolte av.
For både Stranda og Sykkylven er meir enn studiestader. Dei er ein del av lokalsamfunnet, med klare identitetar, og ein viktig del av historia til mange.
Dette skal vi ikkje viske ut, men byggje vidare på.