Einstemmig fylkesutval: Stopp nedlegging av rehabiliteringstilbodet!

Fylkesutvalet har einstemmig vedtatt «Uttale om rasering av rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal». Uttalen blir send til Helse Midt og Helse Møre og Romsdal.

Her er uttalen i si heilheit:

Til Helse Midt og Helse Møre og Romsdal

Uttale om rasering av rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal

Helse og omsorgsdepartementet har gitt signal til helseføretaka om å kutte i spesialiserte rehabiliteringstenester frå private aktørar. For Muritunet og pasientane i Møre og Romsdal vil dette få svært uheldige konsekvensar.

Muritunet AS er ein ideell institusjon som er eigd av Møre og Romsdal fylkeskommune, Fjord kommune, nærliggande kommunar, Nasjonalforeningen for folkehelse, privatpersonar og andre organisasjonar som ikkje tar ut forteneste. Overskot går til å utvikle verksemda vidare.

Møre og Romsdal har i dag berre éin slik institusjon att med 50 døgnplassar, mens i Trøndelag finst det tilbod om 189,5 døgnplassar fordelt på seks institusjonar.

Møre og Romsdal er eit langstrakt fylke med fjordar og fjell, og med demografiske utfordringar. Tre av institusjonane våre er lagt ned dei siste åra. Vi godtek ikkje at vår siste rehabiliteringsinstitusjon blir lagt ned.

Helse Midt har signalisert at dei vil redusere døgntilbodet ved slike institusjonar med 75 % frå 1. juli 2025. Det betyr for Muritunet ca. 50 % reduserte inntekter, og i praksis nedlegging.

Dersom Muritunet blir avvikla, betyr det at eit tusental pasientar frå nord til sør i Møre og Romsdal mistar eit nødvendig behandlingstilbod, at nesten hundre menneske i ein næringssvak kommune blir oppsagde og at spesialisert kompetanse vert sentralisert.

Helse Midt argumentere med at det er godt samarbeid med kommunane for å få til ein smidig overgang til langvarig oppfølging der det er behov for det. Dei uttalar at dei set auka fokus på rehabilitering og at fleire pasientar skal få tilgang til slike tenester. Samtidig inviterer dei til ein ny anbodskonkurranse der dei legg opp til ein reduksjon av tilbodet.

All erfaring viser at rehabiliteringstilbodet i kommunane er lite utbygd. Kommunane manglar både pengar, folk og kompetanse til å gi dei som har behov for rehabilitering eit godt nok tilbod.

Skal eldre kunne bo lengre heime, må ein gi god oppfølging etter sjukdom slik at det er mogleg å bo heime.

Brukarutvalet ved Muritunet har kome med denne uttalen.

Som den største eigaren av Muritunet AS, ber Møre og Romsdal fylkeskommune om at Helse Midt stoppar nedlegging av rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal.