Programråd UNG foran Fuzzy i Storgata, f.v. Natasha Dale Egset, Emilie Jeannine Fraser Morset, Une Gran, Jørund Sollie Os og Jørgen Hernborg. Bildet er tatt i 2024
Ole Foss
To nye konsertar til årets Moldejazz er offentleggjorde – og det er ikkje kven som helst som står bak bookinga. Dei er valt ut av Programråd Ung, eit samarbeidsprosjekt mellom Moldejazz og dei vidaregåande musikklinjene i fylket.
Musikkelevar frå heile fylket var med
Elevane kjem frå musikklinjene ved Molde, Atlanten, Volda og Ålesund vidaregåande skular, samt landslinja for jazz ved Molde vgs. Konsertane er ein del av det ordinære festivalprogrammet.
– Vi er svært glade for å få moglegheita til å løfte fram Maridalen og Mathias Eick Quintet i årets program, seier Jørund Sollie Os, leiar for rådet og elev ved landslinja for jazz ved Molde vgs, i ei pressemelding frå Moldejazz.
Programrådet består, i tillegg til Jørund Sollie Os, av Julia Hagedal Ferra (Atlanten vgs), Une Gran (Molde vgs), Jørgen Hernborg (Molde vgs), Natasha Dale Egset (Volda vgs), Emilie Jeannine Fraser Morseth (Volda vgs), Adrian Molvær (Ålesund vgs) og Gabriel Nossen (Ålesund vgs).
Slipp på den internasjonale jazzdagen
Konsertsleppet skjedde 30. april, på sjølvaste Den internasjonale jazzdagen – ein dag oppretta av UNESCO for å feire jazzens rolle i utdanning, dialog og samfunnsbygging.
Programrådet har arbeidd sjølvstendig og prosessen har vore fri for styring frå vaksne, noko som også er heile poenget med prosjektet, ifølgje Moldejazz.
Full friheit i bookinga
– Vi ønskjer å gi ungdommane full fridom til å kome med innspel – utan sensur eller moderering frå vår side, seier Endre Volden, dagleg leiar i Moldejazz.
Moldejazz opplyser at elevane i programrådet får opplæring i booking og programmering av ein festival, og verdifull erfaring frå musikk- og festivalbransjen.
Bru mellom utdanning og kulturliv
Med prosjekt som Programråd Ung blir det bygd bru mellom skule og kulturliv. Elevane får prøvd seg i reelle roller i festivalarbeid, og får erfaring som er relevant både for vidare utdanning og arbeidsliv.
– Vi i fylkeskommunen er glad for å bidra til at slike samarbeid oppstår og får vekse. Dette er ei satsing som set ungdom og utdanning i sentrum – midt i ein av landets viktigaste musikkfestivalar, seier rådgivar Lene E. Torgersen Mordal frå Møre og Romsdal fylkeskommune.