Elevar inspirerer til miljøvennleg julepapir

Korleis kan vi pakke inn julegåvene utan å fylle opp søppelsekkar med restavfall? På Campus Kristiansund kan du no sjå ein heilt spesiell adventskalender. Poenget med kalenderen er å inspirere oss til å bruke innpakking som vi kan gjenvinne. 

Det er elevar frå 2. og 3 klasse i kunst, design og arkitektur ved Kristiansund videregående skole, som har laga kalenderen. Dei vart kontakta av Campus Kristiansund, og fekk i oppdrag om å lage ein adventskalender til det nye campusbygget.

Stikkordet er berekraft

Vi kan ikkje  gjenvinne glansa julepapir  som papir, då julepapir innheld både leire og fargestoff. Elevane vil unngå at vi i jula fyller søppelsekkar med gåvepapir og gaveband. Derfor håpar dei kalenderen vil inspirere oss til å bruke meir berekraftige løysingar, som gråpapir og gjenbruk av stoff.

Berekraft er eit sentralt ord for Campus Kristiansund, og berekraftig design er også eit kompetansemål for elevane på denne studieretninga. 

Blir tettare på Campus

-Det er artig at elevane får opplevelsen av å vere ein del av Campus. Vi har både fått deltatt på foredrag med Fortidsminneforeningen, og vi har vore  på omvisning i sjølve bygget. Dette gjer det enklare for elevane å knytte seg til og få eit forhold til Campus, fortel lærar Maria Dahl.

I følge Dahl var oppgåva midt i blinken for elevane. Dei fekk først sjå på hyllene kor utstillinga skulle stå, så måtte dei trekke nummer og planlegge oppgåva. Her er det både gjenbruk av papir, papp og stoff. Det er brukt gråpapir og ting frå naturen til å pynte med.

-Litt skummelt for elevane å få eit oppdrag som vi skal stille ut offentleg, men mest av alt lærerikt og artig. Vi har allereie idear for neste år. Da vil vi ta i bruk fargepaletten frå gjenreisingsbyen, så vi håpar at vi får oppdraget da også, avsluttar Dahl.