Har du takka ja til skoleplass i vgs? Sjekk om du har rett til gratis skoleskyss!
Terje Aamodt
Med skolestart like om hjørnet, er det tid for å søke som skoleskyss. Elevar i vidaregåande skole har rett til gratis skyss dersom avstanden mellom bustad/hybel og vidaregåande skole er over 6 km.
Så snart han eller ho har takka ja til skoleplass, må dei sjølve søke om skoleskyss på skoleskyssportalen. Dersom dei er i tvil, kan dei sjekke kva som er korrekt avstand mellom bustad/hybel og skole på dette kartet.
Skoleskysskort
Får dei innvilga skoleskyss, vil dei få utlevert skoleskysskort på skolen. Dette skal brukast alle åra dei har rett til gratis skoleskyss. Skoleskysskort frå grunnskolen kan også brukast på vidaregåande. For å aktivere kortet ved skolestart kvart år, må eleven legge det på billettlesaren i bussen.
Rett eller ikkje rett til skoleskyss?
Desse har rett til skoleskyss:
- Elevar som har meir enn 6 kilometer avstand mellom heim og skole. Elevar som bur på hybel, vil ikkje ha rett til gratis skyss til folkeregistrert adresse,
- Elevar under 18 år med delt bustad, kan ha rett til skoleskyss til to adresser.
- Elevar med sjukdom, skade eller funksjonshemming kan ha rett til tilrettelagt skyss uavhengig av avstand.
- Elevar som bor på ei strekning utan kollektivtilbod, kan søke om køyregodtgjering.
- Elevar som følger eit yrkesfagløp med veksling mellom undervisning på skolen og læretid i bedrift, kan søkje om skoleskyss til undervisning på skolen gjennom heile skoleløpet.
Hvis det er behov for det, kan eleven kan få hjelp av skolen til å skrive og sende søknad.
Har du spørsmål? Ta kontakt med skolen eller send e-post til skoleskyss@mrfylke.no