Elevar på vidaregåande kan ha rett til skoleskyss

Har du ein ungdom i huset som skal starte på vidaregåande? Han eller ho kan ha rett til gratis transport.

Ungdomar som sit inne på ein buss - Klikk for stort bileteBur ungdommen din over 6 km frå den vidaregåande skole, har han eller ho rett på skoleskyss. Søk så snart som råd! Terje Aamodt

Elevar i vidaregåande skole har rett til gratis skoleskyss når avstanden mellom busted/hybel og vidaregåande skole er over 6 km.

Så snart han eller ho har takka ja til skoleplass, må dei sjølve søke om skoleskyss på skoleskyssportalen. Dersom dei er i tvil, kan dei sjekke kva som er korrekt avstand mellom bustad/hybel og skole på dette kartet. 

Skoleskysskort

Får dei innvilga skoleskyss, vil dei få utlevert skoleskysskort på skolen. Dette skal brukast alle åra dei har rett til gratis skoleskyss. Skoleskysskort frå grunnskolen kan også brukast på vidaregåande.

Rett eller ikkje rett til skoleskyss?

Dette seier regelverket om rett til skyss:

  • Elevar som bur på hybel, vil ikkje ha rett til fri skyss til folkeregistrert adresse.
  • Ved delt bustad kan elevar under 18 år ha rett til skoleskyss til to adresser.
  • Elevar med sjukdom, skade eller funksjonshemming kan ha rett til tilrettelagt skyss uavhengig av avstand.
  • På strekningar utan kollektivtilbod kan det søkjast om køyregodtgjering.
  • Elevar som følgjer eit yrkesfagløp med veksling mellom undervisning på skolen og læretid i bedrift, kan søkje om skoleskyss til undervisning på skolen gjennom heile skoleløpet.

 

Den vidaregåande skolen som eleven skal gå på kan også hjelpe med søknaden dersom det er behov.

Har du spørsmål? Ta kontakt med skolen eller send e-post til skoleskyss@mrfylke.no

Les meir om skyssen på nettsida vår