Forskarspirar i toppklasse: Rakel Rasmussen Folkestad, Linnea Ytterland, Nyan Linn Kyaw-Thwin, Finn Lehmann og Viljar Bell.
Privat
Fem elevar frå Ålesund vidaregåande skole er blant tre finalistar til årets Holbergpris i skolen, med eit forskingsprosjekt om ungdom og søvn. Prisen er Noregs viktigaste forskingskonkurranse for vidaregåandeelevar innan humaniora og samfunnsfag.
Søvn og skulestart: Kva skjer når dagen begynnar seinare?
Viljar Bell, Rakel Rasmussen Folkestad, Nyan Linn Kyaw-Thwin, Finn Lehmann og Linnea Aleksandra Ytterland står bak prosjektet "Kva er det beste starttidspunktet på skulen for elevars søvnlengde?". Gjennom både eksperiment og spørjeundersøking har elevane undersøkt korleis endra skulestart kan påverke søvnmengda til ungdom.
Elevane fann at ei skulestart rundt kl. 09.30–09.55 gir ungdom mest mogleg søvn utan at skuledagen blir for lang. I rapporten peikar elevane på at ungdom treng meir søvn enn dei fleste får i dag. Dei viser til både eigne data og tidlegare forsking som peikar på at seinare skulestart kan betre både søvnlengde og læring. Funna var stort sett som forventa, men folk søv mindre enn det dei hadde tenkt, seier elevane.
Forsking i skulen
Elevane går no andreåret på forskarlinja ved Ålesund vidaregåande skole. Forskarlinja høyrer til under studiespesialisering. Her jobbar alle elevane med ulike forskingsprosjekt gjennom året som det både presenterer på konferansar og deltek i konkurransar med. Skulen har eit godt samarbeid med NTNU både i Ålesund og Trondheim.
Elevane trekk særleg fram samarbeidet i gruppa og støtta frå lærarane Aino Maria G. Tornes og Renate Ruth, samt rettleiing frå forskar Eivind Skarpsno ved NTNU, som avgjerande for å kome i mål med prosjektet.
Stolte lærarar
Fornøgde lærarar, Renate Ruth og Aino Maria Giskeødegård Tornes
Privat
– Det er enormt mange gode bidrag i ein slik konkurranse og at våre elevar uansett er sikra ein tredjeplass er ein kjempeprestasjon som vi er svært stolt av, fortel Aino Maria G. Tornes og Renate Ruth.
Lærarane seier at sjølv om dei fungerer som «eit støttande stillas» i prosjektet så er det elevane sjølv som har ansvaret. Det er viktig at dei også kan få gjere ting feil, lære av det og lande i lag. Heile gruppa her har bidratt enormt mykje.
Ekstra støtte ga nye moglegheiter
Dei roser også fylkeskommunen si støtte i prosjektet:
- Vi fekk ekstra støtte frå regionalforvaltninga. Det gjorde at vi fekk tatt løfta forskerprosjekta til eit nytt nivå. Vi fekk reise til Trondheim for å samarbeide med forskarar, og arrangere vår eiga forskarkonferanse her på skulen, fortel lærarane.
Invitert på gallamiddag
Når ein er finalist i ein såpass gjev konkurranse vankar det sjølvsagt godar. Elevar og lærar skal reise til Bergen på prisutdelinga. Der står både gallamiddag og møte med kunnskapsministeren på programmet.
– Vi gleder oss til turen. Vi har fått vite at vi må stille i smoking eller nasjonaldrakt så no gjeld det å få tak i rett klede, seier elevane med eit smil.
Løfta fram av juryen
Fagjuryen seier prosjektet frå Ålesund «tydeleg viser ungdommens interesse for kva søvn betyr for læringa deira» og rosar at elevperspektivet kjem tydeleg fram. Juryleiar Åsta Dyrnes Nordø uttaler i forbindelse med nomineringa i at ho er imponert over den store sjølvstendigheita elevane viser både i temaval, metode og refleksjon.
Her kan du lese rapporten til elevane
Her kan du lese meir om nominasjonen