Elevråda løftar fram gevinstane ved å slå saman to vidaregåande skolar

Elevråda ved Stranda vgs og Sykkylven vgs peikar på større fagmiljø, breiare tilbod og fleire sosiale moglegheiter som dei viktigaste fordelane ved å slå saman dei to skolane.

Elevråda møttest tysdag 9. juni til workshop på Huset i Sykkylven. Målet var at dei skulle komme med innspel og bidra til korleis ein bygger den nye felles skolen frå 1. august 2027.

Allereie tidleg i arbeidet var elevane tydelege på kva dei ser som dei største gevinstane: Fleire utdanningsprogram, større fagmiljø og eit rikare sosialt miljø. Dei peikar også på fleire aktivitetar, tettare samarbeid med næringslivet og betre utnytting av ressursar.

Samanslåinga inneber éin felles skole med felles leiing, men med undervisning på begge lokasjonar.

Vil forme historia om skolen

Elevane fekk ei aktiv rolle i workshopen. Dei skulle ikkje berre gi innspel, men også bidra som idéutviklarar og kommunikasjonsfolk.

Dei arbeidde med å finne fordelar, utvikle bodskap og foreslå konkrete tiltak for å nå ut til ulike målgrupper. Elevane er opptekne av at fordelane må forklarast ulikt til elevar, føresette og lokalsamfunn.

Bekymringar forma som spørsmål

Elevråda løfta også fram uro og spørsmål knytt til samanslåinga. Desse vart bevisst formulerte som spørsmål, og skal no brukast vidare i spørsmål og svar (FAQ) på skolane sine nettsider.

Spørsmåla handlar mellom anna om:

  • kvar utdanningsprogramma skal ligge
  • kapasitet og transport
  • identitet og balanse mellom lokasjonane
  • organisering av elevråd og kvardagen i ny skole

Poenget frå elevane er at ein må ta tak i det folk lurer på, for å få fleire med i endringa.

Vil nå ut med elevstyrt innhald

Elevråda foreslo ei rekke idear for kommunikasjon og synlegheit. Blant forslaga er elevstyrt TikTok-konto, korte videoar som «myteknusar», felles arrangement og stunt som kan skape engasjement.

Eit gjennomgåande poeng er at elevane sjølve bør vere synlege i formidlinga.

Elevråda ønsker å bidra vidare i arbeidet med å bygge ein felles kultur for den nye skolen.