Elevundersøkelsen 2025 og Lærlingundersøkelsen 2025: Dei aller fleste trivst godt i den vidaregåande opplæringa

Elevundersøkelsen 2025 og Lærlingundersøkelsen 2025 viser at dei aller fleste elevane og lærlingane trivst godt på skolen og på arbeidsplassen.

Elevar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Rune Borge-Olsen
  • Fleire elevar enn i fjor svarer at dei har høg trivsel, er motiverte og opplever god støtte frå lærarane.
  • Nesten 9 av 10 lærlingar oppgir at dei trivst på arbeidsplassen

Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken synest det er positivt å sjå at dei fleste elevane og lærlingane har det godt i vidaregåande opplæring.

– Alle i skolane og lærebedriftene fortener ein stor takk for det gode arbeidet, seier Brekken.

Samtidig ser han at ikkje alle elevar og lærlingar opplever å ha det like godt:

– Vi veit at trivsel og læring heng saman, så vi må framleis ha fokus på å skape gode og trygge læringsarenaer for alle elevar og lærlingar, seier Brekken.

Resultat frå elevundersøkinga

Dei fleste elevane melder om eit godt læringsmiljø, prega av trivsel, faglege utfordringar og god støtte frå lærarane. Resultata er i hovudsak stabile samanlikna med førre år, noko som tyder på eit godt læringsmiljø med gode relasjonar mellom elevar og lærarar.

Det er ei positiv utvikling på fleire indikatorar. På vg1 og vg3 har det vore framgang i både støtte frå lærar og motivasjon, og på vg3 også i oppleving av meistring. På vg2 ser vi positiv utvikling knytt til felles reglar, medan støtte frå heimen går noko ned. Elles ligg indikatorane på same nivå som i fjor, med enkelte positive trekk i enkeltspørsmåla.

Mobbing og trivsel

Etter ein auke dei siste skoleåra i talet på elevar som opplever mobbing, ser vi i år ei positiv utvikling med nedgang på vg1 og vg3, medan vg2 er stabil. Andelen som opplever mobbing er høgast på vg1 og går ned med aukande trinn. Trass i at tala framleis er høge, peikar utviklinga i riktig retning.

Utviklinga i andel elevar som svarar at de trivest godt på skolen er ganske stabil for alle trinn. Samanlikna med fjoråret aukar likevel andelen elevar som trivest godt både på vg1 og vg3, mens vg2 er på same nivå som i fjor.  

Resultat frå lærlingundersøkinga

Lærlingundersøkelsen 2025 viser at dei aller fleste lærlingar er både motiverte og trivst godt på arbeidsplassen. Nesten 8 av 10 lærlingar gler seg til å gå på arbeid, dei fleste får støtte og tilbakemeldingar, og vil anbefale bedrifta til andre. I år er det færre enn tidlegare år som oppgir å bli mobba på arbeidsplassen, men det er ei lita auke i uønskt seksuell merksemd.

Færre lærlingar opplever å bli mobba

Motiverte lærlingar som trivst på arbeidsplassen

Lærlingane i fylket er motiverte og trivst på arbeid. Over 9 av 10 lærlingar svarar at dei er motiverte for å lære i bedrifta og nesten 8 av 10 gler seg til å gå på arbeid. Nesten 9 av 10 oppgjer at dei trivst på arbeidsplassen og dei aller fleste trivst med kollegaene sine. Heile 91 prosent vil anbefale bedrifta til andre som skal begynne i lære. Andelen lærlingar som svarar at dei er motiverte på arbeidsplassen, har heldt seg nokså stabil dei siste fire åra.

77 prosent opplever at dei får tilbakemeldingar som hjelper dei å bli betre i faget, og 88 prosent får hjelp og støtte når dei treng det. Dei fleste, 79 prosent, har hatt ein halvårsvurdering med bedrifta eller opplæringskontoret, der dei går gjennom kva dei har lært og kva dei skal lære framover. 14 prosent har slike samtalar, men ikkje kvart halvår.

Færre lærlingar blir mobba, men fleire opplever uønskt seksuell merksemd

Berre 1,9 prosent av lærlingane svarar at dei blir mobba på arbeidsplassen «2–3 gonger i månaden» eller oftare. Dette er lågare enn det nasjonale talet på 2,8 prosent. Andelen har vore stabil dei siste åra, men med ein liten nedgang i talet på dei som blir mobba.

Når det gjeld uønskt seksuell merksemd, svarar 8,5 prosent at dei har opplevd dette «ein sjeldan gong» eller oftare. Dette er noko høgare enn i fjor (5,9 prosent), og litt over det nasjonale snittet på 7,4 prosent. Tidlegare undersøkingar viser at dei fleste som rapporterer om uønskt seksuell merksemd, opplever det «ein sjeldan gong».