Nærmare ni av ti elevar i dei vidaregåande skolane i fylket seier at dei trivst på skolen.
Terje Aamodt
Det viser resultata frå Elevundersøkinga for skoleåret 2024-25 som nyleg er blitt offentleg.
Godt læringsmiljø
Elevane i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal svarar at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, god læringskultur og faglege utfordringar. Samanlikna med Elevundersøkinga frå skoleåret 2023-24, er læringsmiljøet betre blant vg2- og vg3-elevane, mens det på vg1 er ein liten nedgang i resultata.
Det er framleis elevane på vg1 som er mest motiverte og i størst grad liker skolearbeidet. Andelen elevar som svarar at dei er motiverte og liker skolearbeidet godt er større i yrkesfaga enn i dei studieførebuande utdanningsprogramma. Men på spørsmål om dei gleder seg til å gå på skolen, er det ingen stor forskjell mellom elevane på dei ulike trinna og utdanningsretningane.
Opplever god støtte
Elevane opplever god støtte og hjelp frå lærarane, at lærarane bryr seg om dei og behandlar dei med respekt, og har tru på at dei kan gjere det bra på skolen. Elevane opplever og at lærarane fortel dei kva som er bra med arbeidet dei gjer og at lærarane snakkar med dei om kva dei bør gjere for å bli betre i faga. Men på spørsmål om kor ofte dei får tilbakemeldingar frå lærarane som dei kan bruke til å bli betre i faga er skåren litt lågare. Her er det ingen store forskjellar mellom trinna, men elevane på vg1 opplever oftare enn elevane på vg2 og vg3 å få tilbakemeldingar frå lærarane som dei kan bruke til å bli betre i faga.
- Nettbasert spørjeundersøking der elevar frå 5. trinn til vg3 får seie si meining om forhold som er viktige for læring og trivsel i skolen.
- Undersøkinga gir lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar informasjon om korleis elevane opplever skolekvardagen, slik at skolen kan følge opp med dei rette tiltaka.
- Undersøkinga vart gjennomført i november 2024.
- Svarprosent for alle dei vidaregåande skolane i fylket, også dei private (tala for heile landet i parentes): 85,7 (83,1) på vg1, 82,3 (80,3) på vg2 og 81,5 (76,9) på vg3.
- I Møre og Romsdal vart 8.894 elevar i dei vidaregåande skolane invitert til å delta.
Elevane på vg1 opplever i litt større grad å medverke i opplæringa enn elevane på vg2 og vg3. Når det gjeld elevmedverknad er det særleg på spørsmålet «Er de elevar med på å foreslå korleis de skal arbeide med faget?» at ein lav andel elevar svarar at det skjer «I alle eller dei fleste fag». Dei fleste av elevane svarar at det skjer «I mange fag» eller «I nokre fag». Svarfordelinga er omtrent lik på tvers av trinna.
Urovekkande mobbetal
Det mest urovekkande i Elevundersøkinga for skoleåret 2024-25 er mobbetala på vg1. På vg1 svarer 6,7 prosent av elevane at dei har vore utsett for mobbing, på vg2 er andelen 5,1 prosent og på vg3 er andelen på 3,0 prosent. Andelen elevar på vg1 som svarar at dei blir mobba viser ei markant auke samanlikna med i fjor. Vg2 viser ei positiv utvikling med ein liten nedgang i mobbetala. Tala for vg3 viser ei auke, men ikkje like markant som på vg1.
Andelen elevar som opplever mobbing er større i yrkesfaga enn i dei studieførebuande utdanningsprogramma.
Samanlikna med landsgjennomsnittet er mobbetala på vg2 og vg3 i Møre og Romsdal lågare enn landsgjennomsnittet, men på vg1 er dei høgare enn landsgjennomsnittet.
Tar utfordringane på alvor
Kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken seier at dei tar mobbetala på alvor:
– Vi ser med bekymring på dei aukande mobbetala på vg1, og dette er noko vi jobbar med allereie. Det er viktig å arbeide godt med overgangen frå ungdomsskolen til vidaregåande skole. Vi har fått eit nytt system slik at skolane tidleg får informasjon om elevane som kjem, som legg til rette for at vi kan arbeide endå betre med overgangen til vidaregåande skole og tiltak for trygge og gode læringsmiljø, seier Brekken.
Du finn meir informasjon om Elevundersøkinga på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.