Elevundersøkinga: Ni av ti elevar trivst godt, men auke i mobbing

Eit stort fleirtal av elevane i dei vidaregåande skolane i fylket opplever eit godt læringsmiljø og høg trivsel. Samtidig er det urovekkande at eit aukande tal elevar på vg1 og vg2 opplever mobbing.

Bilde av elevar. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er hovudfunna frå Elevundersøkinga for 2023, som vart gjennomført i november i fjor.

Godt læringsmiljø, høg trivsel

Elevane i dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal svarar at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, faglege utfordringar og meistring – sjølv om det over tid har blitt nokre færre elevar som opplever læringsmiljøet som godt. Om lag ni av ti svarer at de trivst godt. Og det er betydeleg fleire elevar på yrkesfag enn på studieførebuande som liker skolearbeidet godt.

Dette er Elevundersøkinga

  • Nettbasert spørjeundersøking der elevar frå 5. trinn til vg3 får seie si meining om forhold som er viktige for læring og trivsel i skolen.
  • Undersøkinga gir lærarar, skoleleiarar og skoleeigarar informasjon om korleis elevane opplever skolekvardagen, slik at skolen kan følge opp med dei rette tiltaka.
  • Undersøkinga vart gjennomført i november 2023.
  • Svarprosent for alle dei vidaregåande skolane i fylket, også dei private (tala for heile landet i parentes): 84,4 (82,8) på vg1, 81,0 (80,0) på vg2 og 80,2 (75,7) på vg3.
  • I Møre og Romsdal vart 8.766 elevar i dei vidaregåande skolane invitert til å delta.

(Kjelde: Utdanningsdirektoratet)

Elevane i fylket opplever også god støtte både heimafrå og frå lærarane. Men dei er mindre tilfredse med elevdemokrati og medverknad og vurdering for læring. Elevane på vg1 opplever meir elevmedverknad enn elevane på vg2 og vg3. Vg1 viser i år positiv utvikling på indikatoren samanlikna med i fjor. 

Elevane skårer også lavt på motivasjon, samanlikna med dei andre indikatorane. Tala viser at færre elevar på vg2 og vg3 er motiverte for å lære samanlikna med fjoråret.

Mobbetala er urovekkande

Det mest urovekkande i Elevundersøkinga 2023 – også på nasjonalt nivå – er mobbetala. Andelen som i Møre og Romsdal svarar at dei blir mobba, er markant høgare i år på vg1 og vg2 samanlikna med i fjor. Det er på vg1 og vg2 også ein auke dei to siste åra i mobbing, etter fleire år med lågare mobbetal.

I Møre og Romsdal er andelen mobbing høgast på vg2, det er også her auka er størst. På vg1 svarer 5,2 prosent at dei har vore utsett for mobbing, på vg2 er andelen 5,4 prosent og på vg3 2,1 prosent.

Du finn meir informasjon om Elevundersøkinga på Utdaningsdirektoratet sine nettsider.