Endring i søkartala får konsekvensar for tilbodet

Ei forskyving av andel søkarar frå studieførebuande til yrkesfag går ut over tilbod og elevtal på reine studieførebuande skolar, og skapar nokre utfordringar for kombinerte skolar.

Jenter som sitt foran bærbare pc-ar, ser inn i kamera. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Terje Aamodt

Det skriv fylkeskommunedirektøren i den årlege saka om forslag til endring i tilbodsstrukturen ved dei vidaregåande skolane. Saka skal behandlast og vedtakast politisk i kompetanse- og næringsutvalet fredag 15. mars.

Det er søkartala etter søknadsfristen 1. mars, og eit prøveinntak frå 2. mars, som er grunnlaget for forslaget frå fylkeskommunedirektøren. 3.806 ungdommar søkte skoleplass på Vg1. Andelen søkarar til yrkesfag auka frå 59 prosent til 65 prosent, noko som betyr at det i år var 35 prosent som søkte studieførebuande.

Mange med skjørt tilbod

I saksframlegget skriv fylkeskommunedirektøren at mange av dei kombinerte skolane frå før har eit skjørt tilbod med om lag ei klasse per nivå.

«Med den ytterlegare forskyvinga som skjer i søkinga dette året, er det ikkje lenger forsvarleg å starte opp nokre av dei studiespesialiserande tilboda med så få elevar. Den positive sida av det, er at dei same skolane i neste omgang kan få styrka det yrkesfaglege tilbodet sitt med fleire klassar slik at det totale elevtalet ikkje nødvendigvis går så mykje ned. Dette kan og bety at det er fleire som vil få tilbod på sitt 1. ønske», går det fram av saksframlegget.

Med bakgrunn i søkartala foreslår fylkeskommunedirektøren at 36 tilbod ved dei vidaregåande skolane i fylket ikkje blir starta opp. Oversikt over tal på søkarar til dei ulike programfaga og skolane kan du sjå her.

Foreslår å starte tilbod

Søkinga til utdanningsprogrammet studiespesialisering har gått ned med 22 prosent sidan i fjor. På dei fleste skolane som tilbyr studiespesialisering har dei enten fleire variantar av utdanningsprogrammet, eller fleire klassar på same nivå.

«I staden for å ikkje starte opp tilboda vil det heller bli ei justering av kapasiteten på kvar enkelt skole», skriv fylkeskommunedirektøren, og anbefaler å starte opp fleire tilbod, sjølv om dei etter kriteria om oppfyllingsgrad ikkje skulle blitt starta.

Har fullmakt til å justere

Kompetanse- og næringsutvalet har gitt fylkeskommunedirektøren fullmakt til å justere elev- og klassetal innanfor tilbodsstrukturen, som er vedtatt i fylkesstrategi for tilbod i vidaregåande opplæring. 

Justeringane av tilbod som no er foreslått å ikkje bli starta skoleåret 2024/2025, er gjort med bakgrunn i sak UDK- 5/14. Der er det vedtatt eit fast kriteriesett for kor stor oppfyllingsgrad og kapasitet det skal vere på det einskilde tilbodet. Følgande kriterium ligg til grunn:

  • Minimum 65 prosent oppfyllingsgrad av vedtatt kapasitet på studieførebuande utdanningsprogram. 
  • For å kunne starte halvklassar innanfor yrkesfag som rekrutterer til lærefag er kravet minimum seks primærsøkarar. 
  • For yrkes- og studiekompetanse(YSK) tilboda er minimum kapasitet sett til ti primærsøkarar som også oppfyller karakterkrava i matematikk og naturfag. 
  • Ein primærsøkar er ein søkar med ungdomsrett som har det aktuelle tilbodet som 1. ønske. 

 

Saksliste og saksframlegg for yrkesopplæringsnemnda måndag 11. mars.

Saksliste og saksframlegg for kompetanse- og næringsutvalet fredag 15. mars.