Er du far eller mor til ein 10. klassing? Då bør du høyre denne podkasten

Kva skal 10. klassingen velje av vidaregåande opplæring? Spørsmålet opptar mange avgangselevar i ungdomsskolen i desse dagar.

Bilde av to kvinner og ein mann. - Klikk for stort bileteFrå venstre Stein Veland, Kariann D. Flovikholm og programleiar Ingvild Dverseth Sæter. Per-Kristian Bratteng

Vi hentar fram podkasten «Kva skal dei velje?» som vi laga for eitt år sidan, og som har foreldre som målgruppe. Men podkasten er høyrbar også for 10. klassingane sjølve, og han er like aktuell i år som i fjor.

I podkasten er det råd og rettleiing frå kompetansesjef Kariann D. Flovikholm i Møre og Romsdal fylkeskommune, NAV-sjef Stein A. Veland, næringssjef Hilde Aspås i fylkeskommunen og leiaren av ungdomspanelet, Niels Leenders.

10. klassingane i Møre og Romsdal skal innan 1. mars velje vidaregåande utdanning.

Her kan du høyre podkasten «Kva skal dei velje?», som vi publiserte første gang 23. februar i fjor: