Stian Marius Hatlehol -Veimester Mesta, Kjetil Guddal -Veimester Mesta, Sindre Hjelseth -Prosjektleder Mesta, Jan Øystein Håvik Holsvik -Prosjektleder Mesta, Kåre Berge -Byggeleiar Møre og Romsdal fylkeskommune, Grete Berge -Byggeleiar Møre og Romsdal fylkeskommune, Kåre Hjelle -Veimester Mesta og Vidar Ørskog -Veimester Mesta.
Mesta AS
Mesta er ein nasjonal entreprenør, og vil samarbeide med lokale entreprenørfirma om leveransen. Arbeidet omfattar krevjande oppgåver heile året og døgnet rundt, som vinterdrift, skjøtsel av grøne område, reinhald, asfaltlapping, beredskap og handtering av naturhendingar som uvêr, skred og flaum.
- Vi ser fram til eit godt samarbeid med Mesta og lokale entreprenørar, som saman har solid lokalkunnskap og kompetanse på vegdrift i området, seier Karl Inge Vestre Hauge, teamleiar for vegdrift i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kontraktane har ei varigheit på fem år, med moglegheit for forlenging i inntil tre år. Oppstart er 1. september 2025.
Teknologi og kunstig intelligens i vegdrifta
I dei nye kontraktane stiller fylkeskommunen krav om bruk av digital avgjerdsstøtte i vinterdrifta. Dette er ein ny måte å styre vinterdrifta på, der målet er å utføre riktige tiltak til rett tid – og samtidig redusere saltbruk og klimabelastning.
Systemet nyttar data frå vêrprognosar, vêrstasjonar og historikk, og gir anbefalingar basert på kunstig intelligens. Dette er ein relativt ny måte og drifte veg på, og ein må rekne med å gjere seg nokre erfaringar i starten.
Bynære utfordringar og naturfarar
Ålesund-kontrakten omfattar kommunane Ålesund, Giske, Sula, Haram og delar av Vestnes. I bynære områder er det høg trafikk og ein del utfordringar knytt til dette.
Indre Sunnmøre-kontrakten omfattar kommunane Fjord, Sykkylven, Stranda, Ørsta, Volda og delar av Ålesund. Her finn vi krevjande fjellstrekningar som Strandafjellet og Geirangerfjellet, med skredfare og utfordrande vinterdrift.
Hauge håpar at kontraktane vil bidra til eit framkommeleg og trygt fylkesvegnett.
- Vi ser spesielt fram til teknologisatsinga, der målet er god og effektiv drift med mindre miljøbelastning, avsluttar han.