Det regnar tett og jamnt, men arbeidet med å asfaltere vegen over Strandafjellet held fram
Joachim Hatlebakk Aarø
No legg entreprenøren ny asfalt på to strekningar på fv. 60 over Strandafjellet. Til saman får 3760 meter veg nytt dekke.
Strekningane fekk sist ny asfalt i 2010 og 2014. Den eldste delen, ned mot Hole, har no mykje hjulspor. Strekninga opp mot skisenteret har fleire ujamne parti og svake vegkantar.
Armeringsnett styrker vegkantane
På delar av strekninga mot skisenteret legg entreprenøren også armeringsnett under den nye asfalten. Dette styrker vegkantane og gir dekket lengre levetid.
«Dette er etterlengta arbeid. Den nye asfalten gir ein jamnare og betre veg over Strandafjellet», seier Leif Olav Brandt, byggeleiar for asfalt.
Regnet skapar utfordringar
Vi er vant til nedbør her i fylket, men av og til kan det bli for mykje sjølv for nordvestlendingar. Regnet stoppa arbeidet tidleg i veka, men ein håper at all asfalt er lagd til tysdag 18. august. Arbeidet føregjeng på dagtid, og under arbeidet leier ledebil trafikken forbi arbeidsområdet. Ventetida er normalt mellom 10 og 20 minutt, avhengig av trafikkmengda.