EU-nettverket skal utvide horisonten mot Europa

Næringsliv, offentleg sektor og FoUI-verksemder skal bidra i utforminga av EU-nettverket sine aktivitetar i Møre og Romsdal.

Kvinne foran ei inngangsdør. - Klikk for stort bileteTrude Carlsen er prosjektleiar EU-nettverk Møre og Romsdal. Per-Kristian Bratteng

Det skjer på ein workshop på InnbyggerLaben Innom i Molde torsdag 18. januar. Målet med ei felles arbeidsøkt er å stake ut kursen for kva EU-nettverk Møre og Romsdal skal vere for at fleire regionale aktørar skal være aktuelle partnarar i Horisont Europa-prosjekt.

Forventar samarbeid med Europa

Næringssjef Hilde Aspås seier at ved å kanalisere forskings- og innovasjonsmidlar via Horisont Europa, har Stortinget signalisert ei forventning til norsk næringsliv og offentleg sektor om at vi skal samarbeide med Europa for å løyse felles samfunnsutfordringar:

– EU-nettverket i Møre og Romsdal skal legge til rette for at dei regionale aktørane i fylket skal ha større moglegheiter for å delta i utviklingsprosjekt i Horisont Europa. Dette er særleg viktig i ein situasjon der det blir færre nasjonale og regionale verkemidlar, og vi må skaffe ekstern finansiering frå EU-program for å bidra til utvikling av eit internasjonalt konkurransedyktig næringsliv og ein innovativ offentleg sektor, seier Aspås.

Dette er Horisont Europa

Horisont Europa er verdas største forskings- og innovasjonsprogram med eit budsjett på 95,5 milliardar euro. 35 prosent av budsjettet skal gå til klimaformål for å oppnå grøn omstilling og berekraftig verdiskaping for bedrifter, forskingsinstitusjonar og offentleg forvaltning.

Programmet er det niande i rekka av EU sine forskings- og innovasjonsprogram og kjem i etterkant av Horisont 2020. Ei viktig nyvinning er innføringa av ambisiøse «missions»-orienterte forskings- og innovasjonsoppdrag for å løyse utvalde store samfunnsutfordringar.

På Forskningsrådet sine nettsider kan du lese meir om Horisont Europa.

– På workshopen skal vi avklare behov og forventingar som deltakarane har til nettverket, finne ut korleis nettverket skal jobbe for å møte deltakarane sine behov, og til slutt utarbeide ein handlingsplan for aktivitetar/tilbod som nettverket skal tilby, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Blant sju regionale nettverk

EU-nettverk Møre og Romsdal er finansiert av Forskningsrådet og Innovasjon Norge, og nettverket er blant sju regionale nettverk og åtte tematiske nettverk som har fått støtte.

EU-nettverket skal blant anna

  • legge til rette for at aktørane får auka kunnskap til moglegheitene for å vere med i Horisont Europa
  • rettleie på konkrete problemstillingar og prosjektidéar
  • kople regionale aktørar på andre relevante nasjonale- og internasjonale miljø
  • legge til rette for kunnskapsdeling og samarbeid mellom aktørar i regionen