Seks fagfeller frå ulike europeiske regionar har gitt Møre og Romsdal fylkeskommune råd om korleis regionen kan utvikle seg.
Per-Kristian Bratteng
11. og 12. juni gjennomførte fylkeskommunen ei fagfellevurdering, også kalla «peer review», i samarbeid med Interreg Europe. Seks fagpersonar («peers») frå ulike europeiske regionar deltok i prosessen. Saman med Interreg-teamet brukte dei to dagar på å analysere situasjonen og gi konkrete råd til korleis regionen kan utvikle seg. Hovudspørsmålet var korleis vi kan styrke samspelet mellom næringsliv, akademia og offentleg sektor for å få til meir forsking.
– Vi ønskte ærlege og fagleg solide tilbakemeldingar frå folk som kjenner forskingssystema i ulike europeiske regionar. Ekspertane gav oss nettopp det, saman med konkrete forslag til korleis vi kan tenke nytt, seier Hilde Aspås, næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fagfeller frå heile Europa
Dei seks fagpersonane kom frå Spania, Portugal, Sverige, Danmark, Finland og Nederland, og representerte universitet, kunnskapsoverføringsmiljø og regionale styresmakter. I løpet av to intensive dagar fekk dei innsyn i strategien for forsking og innovasjon i fylket, og møtte over 20 aktørar frå næringsliv, akademia og offentleg sektor.
– Dei utfordra oss på det vi bør gjere annleis, og løfta fram det vi allereie får til. Det var både nyttig og inspirerande, seier Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar for næring og nyskaping.
– Vi fekk ærlege tilbakemeldingar på kva som fungerer, kva som manglar, og kva vi bør prioritere. Det var både bekreftande og utfordrande, akkurat slik det skal vere i ei fagfellevurdering, seier Eivind Vartdal Ryste, seksjonsleiar for næring og innovasjon
Frå innsikt til handling
Dag ein handla om å forstå utfordringane: låg forskingsaktivitet, svake band mellom kommunar og akademia, og mangel på kapital og kompetanse. Dag to retta blikket framover.
Fagfellene kom med fleire tydelege anbefalingar:
- Bygg varige møteplassar og samarbeidsarenaer på tvers av sektorar
- Bruk masteroppgåver, praksisplassar og nærings-Ph.D.-ordningar som bruer
- Gjer høgskolane, universiteta og institutta til aktive drivkrefter for innovasjon
- Delta meir i internasjonale prosjekt og nettverk
Fylkeskommunen tek no med seg desse råda inn i arbeidet med ein ny handlingsplan. Planen blir lagt ut seinare i år.
– Vi ønsker å løfte forskingsaktiviteten i heile Møre og Romsdal. Det krev samarbeid, nye grep og ei tydeleg retning. Peer review-prosessen har gitt oss eit svært godt utgangspunkt, seier Ryste.
Desse ekspertane deltok
- Fábio A. Lourenço Vieira, Azorane, Portugal
- Harri Kuusela, Päijät-Hämeen regionråd, Finland
- Karen Laigaard, Greater Copenhagen/ASTP, Danmark/Nederland
- Karin Nygård Skalman, Mittuniversitetet og regionane Västernorrland og Jämtland Härjedalen, Sverige
- Nina Arnhold, internasjonal høgare utdanningsspesialist, Nederland
- Ricard Esparza Masana, Universitetet i Barcelona, Catalonia, Spania
Peer review er ein metode utvikla av Interreg Europe for å gi europeiske regionar skreddarsydde råd om korleis dei kan forbetre sine utviklingsstrategiar – basert på erfaringar frå fagfellar i andre regionar.
Formål: Å hjelpe offentlege aktørar med å utvikle betre strategiar gjennom gjensidig læring, erfaringsutveksling og anbefalingar frå regionar som har møtt liknande utfordringar.
Kven deltek?
- Vertskap: Regionen som ber om vurderinga (her: Møre og Romsdal)
- Peers: Uavhengige ekspertar frå andre europeiske regionar med relevant erfaring
- Interreg Europe-teamet: Tilretteleggjarar og metodestøtte
Korleis går det føre seg?
- Ein todagars arbeidsverkstad med presentasjonar, gruppearbeid og diskusjonar
- Vertskapet legg fram si utfordring
- Peerane deler løysingar, døme og råd
- Til slutt: konkrete forslag til vidare arbeid
Kva får regionen ut av det?
- Objektive og praksisnære råd
- Gode døme frå andre regionar
- Eit betre grunnlag for å utvikle og styrkje lokal politikk
Interreg Europe Peer Review-programmet har sida 2018 gjennomført over 100 vurderingar i hele Europa. Les meir her: https://www.interregeurope.eu/peer-review
Les meir her: