Henrik Stensønes er leiar av Nordsjøkommisjonen si arbeidsgruppe for marine ressursar.
Magnar Fjørtoft
På arbeidsmøtet på Campus Kristiansund torsdag 5. mars kl. 13.30–17.30 diskuterer gruppa tre tema som rører kysten vår direkte: Søppel i havet, PFAS (såkalla «evigheitskjemikaliar» som kan bli verande lenge i naturen, kjent frå mellom anna teflonbelegg frå enkelte steikepanner) og maritim beredskap. Innan maritim beredskap skal det handle om korleis kystregionar kan arbeide for å førebu på flaum og ekstremvêr, men også med å sikre viktig infrastruktur som hamner, energiforsyning og kritiske offshore-installasjonar mot sabotasje og digitale angrep.
Deltakarane skal også drøfte nye samarbeidsprosjekt for fiskeri og havbruk, og mellom anna vurderer eit vidare samarbeid om fag- og yrkesopplæring i fiske- og fangstfaget.
I tillegg får delegasjonen studiebesøk hos Flatsetsund Engineering torsdag føremiddag, og fredag går turen til Smøla med besøk hos Nekton og med framlegg frå Plastjegarane.