17 år gamle Christina Halås er fersk i faget, men erfaren i bransjen Foto: Jan Ragnvald Eide
Jan Ragnvald Eide
På Skarstua fint liggjande mellom snødekte fjell fann vi både erfarne ringrevar og nokon som gjorde seg klar for sin første sesong. Og den som har fordommar om kven som køyrer brøytebil fekk satt dei på prøve.
Klar for å brøyte veg, må berre ta lappen først
17 år gamle Christina Halås i frå Eide på Nordmøre, er ikkje redd for å jobbe i eit mannsdominert miljø. Pappa Egil Ingvar Halås har jobba i Mesta i mange år, og fekk vere saman med han i brøytebilen om ho var sjuk og heime frå skulen.
- Eg syntest det var så artig å vere med pappa at eg av og til var «sjuk» ein dag, sjølv om eg eigentleg ikkje var det, fortel ho med eit smil. No går bygg- og anleggsteknikk på Romsdal VGS og er utplassert i Mesta. Plana er å brøyte gang- og sykkelvegar i vinter, så snart ho har fått på plass maskinførarbeviset.
Ein må lese seg opp før dei teoretiske prøvene
Jan Ragnvald Eide
Einaste jente i klassen
Christina er einaste jente i klassen på anleggsteknikk på Romsdal VGS, men det går fint. - Eg sett gutane på plass om det er noko, seier ho spøkefullt, men understrekar at det er eit godt samarbeid der.
Lang erfaring
Kjell Haukeberg er kurshaldar
Jan Ragnvald Eide
- Det skal ikkje saltast for å smelte snø. Det er et hjelpemiddel for å gjere det lettare å brøyte. Du må ned på vegbana med saltet, om ikkje er det bortkasta.
Det blir gitt klar beskjed frå undervisarplassen. Kjell Haukeberg er i andre enden av erfaringsskalaen. Han har kursa folk i vinterdrift i over 10år i Møre og Romsdal og Trøndelag.
Målet med opplæringa er å sikre at dei som jobbar med vinterdrift, har kunnskapen som trengst for å halde vegane opne og trygge, også når vêret skaper utfordringar. God vinterdrift handlar om å sikre framkomst for alle trafikantar, samtidig som ein tek omsyn til miljøet.
Dette er berre eitt av fleire kurs som blir haldne kvart år. Kompetansebeviset deltakarane sit igjen med, gjeld i fem år.
Kjent førelesar
Kjell meiner det kan vere utfordrande å undervise ei stor forsamling, samanlikna med mindre grupper der det er lettare å få til dialog.
Christina synest på si side at kurset er lærerikt, sjølv om det kan vere vanskeleg å halde konsentrasjonen oppe gjennom ein lang dag.
- Det kan bli litt trøyttande, men vi lærer mykje nytt. Og så er det mange pausar og god mat, så eg kan ikkje klage, seier ho.
Etter lunsj var det dessutan ei ekstra kjend stemme som tok over undervisninga. Då var pappa Egil henta inn som førelesar.