Fagskolen får midlar til droneutdanning og gassrigg

Fagskolen Møre og Romsdal har fått 2,3 millionar kroner frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK) til å utvikle ny droneutdanning og kjøpe inn avansert undervisningsutstyr.

Tildelinga er del av regjeringa si løyving på 80 millionar kroner til 17 fagskolar over heile landet, ei nasjonal satsing som skal styrke utdanningar arbeidslivet har behov for.

Midlane ved Fagskolen Møre og Romsdal går til to tiltak: Om lag 900 000 kroner til utvikling av droneutdanning på fagskolenivå frå hausten 2026, i samarbeid med Droneakademiet AS, og om lag 1,4 millionar kroner til innkjøp av ein gassrigg for meir praksisnær undervisning i elektrokjemiske prosessar. Det er ein føresetnad for løyvinga at Fagskolen bidreg med eigenfinansiering.

– Fagskolen Møre og Romsdal er svært glad for utviklingsmidlane i 2026. Dei gir oss høve til å utvikle utdanningstilbod som er tett kopla til behova i næringsliv og samfunn, seier rektor Helen Hanken.

Droneutdanning på fagskolenivå

Ved studiestad Ålesund startar Fagskolen opp det som blir landets første droneutdanning på fagskolenivå, utvikla i samarbeid med Droneakademiet AS.

Dronekompetanse blir stadig viktigare i både næringsliv og samfunnstryggleik. Droner blir brukte til mellom anna inspeksjon av infrastruktur, kartlegging og søk- og redningsarbeid. I eit fylke med krevjande geografi og vêr kan teknologien gi raskare oversikt og tryggare innsats, og kompetansen er også etterspurd av Forsvaret.

Meir praksisnær undervisning

Undervisninga i prosessfag blir samtidig styrkt ved studiestad Kristiansund. Den nye gassriggen gir studentane meir praksisnær opplæring i elektrokjemiske prosessar. Elektrolyse er sentral teknologi innan hydrogenproduksjon, batteriteknologi og prosessindustri, og viktig for utvikling av grøne industriløysingar og framtidige energisystem.

Begge satsingane svarer på viktige kompetansebehov i regionen – frå grøn industri og energi til beredskap og samfunnstryggleik – og er eit godt døme på korleis samarbeid mellom utdanning og næringsliv gir relevant kompetanse for framtida.