Fagskolen inn på Campus: - Løft for studentane

Fagskolen Møre og Romsdal har flytta inn på Campus Kristiansund, og til eit økosystem av høgare utdanning, forsking- og innovasjonsmiljø og næringsliv. – For studentane blir dette ein heilt ny kvardag.

 

Sist månad flytta om lag 200 studentar og tilsette ut av lokala dei har delt med Kristiansund vidaregåande skole på St. Hanshaugen i over 60 år, og inn på nye lokale på Fosnagata 12, i fjerde etasje på Campus Kristiansund.

Det blir på mange måtar ein ny kvardag, der studentane som tar høgare yrkesfagleg utdanning vil omgåast arbeidslivet, næringslivet og høgskole og forskingsmiljø i kvardagen, både formelt og uformelt. Rektor Helen Hanken har trua på miljøskiftet.

- På Campus kan vi tilby eit læringsmiljø som fremmer kreativitet, samarbeid og innovasjon. Studentane har fått  noko å strekke seg etter, og dei kan bygge nettverk som dei seinare får bruk for, seier ho.

Blir satsa på

I dei nye lokala er det utstyr som maritim simulator, boresimulator, lab-utstyr og alge-lab, som skal bidra til at elevane får ei mest mogeleg praktisk og realistisk tilnærming til arbeidsoppgåvene dei skal utføre i arbeidslivet.

Studentrådleiaren Andrea Weiseth Olsen er tydeleg på kva flyttinga til Campus betyr for studentane i talen på opningsdagen den 7. november

-Vi er stolte av å bli satsa på, seier ho.

Tilbyr framtidas utdanningar

For rektor er også at plasseringa på Campus er viktig for korleis utdanningane som fagskolen tilbyr blir rigga.

- Vi må sørge for at dei utdanningane vi har, støttar behovet som er det ute. Skal vi levere på framtidas utdanningar, må vi vere tett på arbeidslivet og næringslivet. Det får vi her på Campus, seier Hanken, og utfordrar dei andre aktørane på Campus til samarbeid om å finne gode løysingar for å ta i bruk utstyret fagskolen kan tilby.

Dette er Fagskolen Møre og Romsdal

Fagskolen Møre og Romsdal tilbyr yrkesretta høgare utdanning tilpassa næringslivet sine behov. Skolen, som har studiestad både i Kristiansund og Ålesund, tilbyr utdanning innafor maritime fag, maskinteknikk, elektro, bygg og anlegg, prosessfag, petroleum og helsefag. Totalt har fagskolen 400 studentar og 50 tilsette.