Under førebuingane til ny sløkkevassleidning vart det avdekt eit rikt kulturlag med spor etter menneskeleg aktivitet frå mellomalderen og heilt opp til moderne tid. No er rapporten frå undersøkinga ferdig.
Grip, med si tette trehusbusetting og ei av Noregs få stavkyrkjer, er eit kulturminne med nasjonal verdi. For å sikre øya mot brann, har Kristiansund kommune fått nær tre millionar kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune, gjennom Riksantikvaren si tilskotsordning for brannsikring.
Før gravinga kunne starte, måtte det gjennomførast ei arkeologisk undersøking, og det var då dei unike funna kom til syne.
Under arbeidet i 2024 vart det funne fiskebein, dyrebein frå gris, sau, katt og fugl, keramikk og glas frå ulike epokar. Av dei mest unike funna var ei blå glasperle, truleg frå vikingtid eller mellomalder. Det er ikkje gjort funn som er eldre enn mellomalderen, men funn av flint kan tyde på aktivitet heilt tilbake til steinalderen.
Ein tidskapsel i jorda
Kulturlag er jordlag med spor etter menneskeleg aktivitet, som matavfall, reiskapar og bygningsmateriale. Når slike lag er intakte, kan dei fortelje mykje om korleis folk levde, kva dei åt, og korleis samfunnet utvikla seg. På Grip har desse laga vore godt bevarte i søkk og bergsprekker, delvis forsegla av eit flaumlag.
Funnmaterialet stadfestar at Grip var eit fiskevær i vekst på 1300-tallet, i ein periode der landet ellers hadde ei stor nedgang i befolkning, på grunn av svartedauden. Det er antageleg også det einaste fiskeværet i Møre og Romsdal med så godt bevarte kulturlag frå mellomalderen. Frå mellomalderen sine fiskarar til dagens hytteeigarar har øya vore ein livleg plass der menneske og dyr levde tett saman, og der fiskeri var livsgrunnlaget.
Eit arkeologisk skattkammer
Undersøkinga dekte berre området for den nye leidninga, men funna tyder på at det kan vere fleire område på øya med bevarte kulturlag frå mellomalderen. I dialog med kommunen er det valt løysingar som tek vare på kulturlag og dei kulturhistoriske verdiane.
Brannsikringsprosjektet har ikkje berre styrka tryggleiken på Grip, det har også gitt ny innsikt i livet på ei av fylkets mest vêrutsette og historisk interessante øyer. Grip har vist seg å vere meir enn eit vakkert fiskevær, det er også ein tidskapsel frå mellomalderen.