Fann helleristning på Roskar, kan vere solsymbolikk

Arkeologar var på olivinfeltet på Roskar i Herøy då dei plutseleg gjekk seg på ei helleristning dei ikkje hadde sett før. – Det var eit slags solkors, berre med ei litt uvanleg utforming, seier arkeolog Arve Eiken Nytun.

Helleristning. - Klikk for stort bileteDette er den nyoppdaga helleristninga på Roskar. Arve Nytun

Sidan 2023 har Møre og Romsdal fylkeskommune jobba med ei tilstandsregistrering av bergkunsten på Sunnmøre. No er denne avslutta og rapporten ferdig. Det var i denne samanhengen at arkeologar frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Universitetsmuseet i Bergen samarbeidde om undersøkingane på Roskar.  Og heilt plutseleg oppdaga dei helleristninga.

Det var arkeologane Arve Eiken Nytun frå Møre og Romsdal fylkeskommune og Trond Lødøen frå Universitetsmuseet i Bergen som var på Roskar for å sjå nærmare på helleristningane der. 

Som i Grand Canyon

– Når ein går på olivinfeltet på Roskar, er det som å gå i Grand Canyon, seier Nytun. Den raudbrune olivinsteinen som spring opp i dagen dominerer landskapet i fjelldalen som ligg i grensa mellom Sande og Herøy kommune. Kontrastane i landskapet skapar ei heilt spesiell atmosfære. 

Landskap. - Klikk for stort bilete– Når ein går på olivinfeltet på Roskar, er det som å gå i Grand Canyon, seier Arve Eiken Nytun. Arve Nytun

– Bergkunst er eit sjeldan fenomen på Sunnmøre, og Roskar er ein av få lokalitetar der vi har helleristningar i form av figurar, rissa inn i berget. For nokre år sidan vart det også funne ein stein på Stranda som hadde helleristning på seg, og vi har leita utan å finne kva felt denne kjem frå. Kanskje nokon har sett noko? Ut over dette har vi nokre skålgroplokalitetar, mellom anna på Sula, seier Nytun.

Ein prikkhogd sirkel

Dei kjente helleristningane på Roskar er eit heilt spesielt skip, som ligg godt bevart under ei helle, som har skåna det for ver og vind. Ifølge Nytun kjenner dei også til nokre runde symbol, ofte tolka som økser, som ligg noko lenger vest på feltet. 

– Under tilstandsregistreringane fekk vi også tida til å leite litt, og med lommelykt og skarpt blikk gjekk vi oss plutseleg fram på ei ristning som vi ikkje har kjent til frå før. Ein prikkhogd sirkel, med noko som liknar strålar ut frå kvar side. Det kan minne om eit solsymbol eller eit solkors. 

– Ei fantastisk nyoppdaging som eg ser fram til å 3D-skanne og studere i detalj, seier arkeolog  Trond Lødøen ved Universitetet i Bergen. – Det gjer meg også entusiastisk til å finne fleire figurar på Roskar eller i nærområdet. I tillegg håpar eg at vi kan få gjennomført ei arkeologisk utgraving i nærleiken av bergkunsten for å sjå om vi kan finne andre etterlatenskapar etter dei som skapte motiva, og kanskje daterbare arkeologiske spor som kan hjelpe oss med å få ei sikrare datering av bergkunsten. 

Vil ha meir informasjon

Kjenner du til noko som kan vere gamle helleristningar eller andre formar for bergkunst, så er arkeologane svært interessert i å få inn denne informasjonen. 

Helleristning. - Klikk for stort bileteDenne ristninga fann Arve Eiken Nytun under feltarbeid på Roskar i 2009. Arve Nytun

Kvifor har vi so lite bergkunst på Sunnmøre? 

– Dette er vanskeleg å seie, men kanskje har det noko med kvaliteten på bergarten her? Det kan jo vere slik at det har vore helleristningar her også, men at berget har blitt finslipt av regn, vind og snø gjennom dei mange tusen åra sidan bergkunsten vart laga, seier Nytun.

Kva tyder bergkunsten?

– Det er mykje vi ikkje veit om bergkunsten, som vi kan sjå på som eit forhistorisk bildespråk. Jo fleire motiv vi finn fram til, dess lettare blir det å finne nye mønster og syntaks og reglar for språket som vi kan avkode i større grad, seier Lødøen.

To menn. - Klikk for stort bileteTrond Lødøen (til venstre) frå Universitetsmuseet i Bergen og Arve Eiken Nytun frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Møre og Romsdal fylkeskommune