Fann levande gjær i Geiranger, brukar DNA-analyse for å sjå om det er kveik

I sommar blei det funne gamal, levande gjær på garden Mølltunet i Geiranger. Prøven blir no DNA-analysert for å sjå om det er kveik-gjær.

No er håpet å få kveikgjæra, som er brukt til ølproduksjon, inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Kveik er norsk gardsgjær som i generasjonar har vore brukt i norsk heimebrygging av øl. Men dei gamle norske bryggetradisjonane står i fare for å forsvinne.

No handlar det om å ta vare på kulturarven.

I mars fekk Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) løyvd 200.000 kroner i tilskot til «Tiltak for å sikre kulturminne i bryggje-tradisjonar med historiske prøvar frå kveik-gjær i Møre og Romsdal fylke». Midlane som blei tildelt av kultur- og folkehelseutvalet, er av ein pott statlege midlar som Møre og Romsdal fylkeskommune får gjennom statsbudsjettet, øyremerka kultur i verdsarvområdet.

På ekskursjon til Geiranger

Siste veka i mai drog fagfolk, med NIBIO i spissen, saman med grunneigarar på ein tre dagar lang ekskursjon i verdsarvområdet Geirangerfjorden, og i Norddalsfjorden, for å finne kveik og historiske reiskap brukt i gamle ølbryggartradisjonar. I teamet var Hans Geir Eiken, seniorforskar ved NIBIO, Atle Ove Martinussen, dagleg leiar for Vestnorsk kulturakademi og Arve Eiken Nytun, arkeolog og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Og dei har fått god hjelp av Fjordsenteret i Geiranger.

– Spesielt interessant var det å sjå om ein kunne få samle inn prøver etter den gamle ølgjæra kveik, fortel arkeolog Arve Eiken Nytun. 

– Møre og Romsdal er eit kjerneområde for kveik, fortel seniorforskar Hans Geir Eiken ved NIBIO. – Vi har funne det både i Eidsdal, Nordal, Geiranger, men også Ålesund og Ørsta – i indre strok av Sunnmøre.

Innom fleire gardar

Den første dagen under ekskursjonen i mai var dei på gardar på Åkeneset (Sunnylvsfjorden), Matvika og Blomberg. Denne dagen var grunneigarane på Ytste Åkneset, Nils Roger Matvik og Marit Nøding Vatnedal med. Samt grunneigar på Blomberg. Bjørg Homlong.

På dag to besøkte dei gardar i Geiranger. Og på dag tre la dei turen til Norddalsfjorden og garden Ospahjellen, som blei fråflytta i 1957.

– Det blir rive stabbur og løer rundt om i fylket, og då kan det gå tapt mykje verdifullt materiale. Her skal vi sikre kveikgjæra før han går tapt, seier Eiken.

Fann levande kveik

Og dei fann kveik-gjær hos fleire tradisjonsbryggarar i Geiranger. På Mølltunet gard i Geiranger vart levande gjær funnen på ein gjærstokk som har vore brukt til ølbrygging. Gjærstokk er ein trestokk med påført gjær, som blei hengt opp for å tørke gjæra til seinare bruk.

Gjærsoppen er no sikra i ein kveik-genbank på Vestnorsk kulturakademi, og med reserver på NIBIO. Der skal den brukast til vidare forsking, innovasjon og kulturskaping.

Planen vidare er at fagfolka på nytt kjem innom Geiranger for å samle inn dei siste bitane i kveikprosjektet. Og til våren planlegg dei kurs i brygging av øl.  

Tilskotet på 200.000 som NIBIO har fått skal brukast til innsamling av prøvar av kveik-gjær, DNA-arbeid, formidling, og sikring av immateriell kulturarv innanfor verdsarvområdet Geirangerfjorden.