Får 16 millionar kroner frå Erasmus+

Årets tildeling frå Erasmus+ er klar. Møre og Romsdal er blant dei fremste fylka i landet og nå kan hundrevis av elevar og lærlingar sjå fram til internasjonale opplevingar.

Elevar i klasserom. - Klikk for stort bileteBienvenido: Elevar frå internasjonal klasse på Spjelkavik vgs. vart velkomne då dei besøkte samarbeidsskolen i Sabadell, Spania tidlegare i år. No kan endå fleire elevar og lærlingar sjå fram til internasjonale opplevingar gjennom Erasmus+-programmet framover. Møre og Romsdal fylkeskommune

Kvart år tildeler Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) midlar frå EU-programmet Erasmus+. Midlane skal gå til internasjonalt utdanningssamarbeid og utanlandsopphald i Europa for elevar, lærlingar og tilsette.

Totalt får fylkeskommunen, samt fleire av dei vidaregåande skolane i fylket, ei samla tildeling i på rundt 1,37 millionar euro frå Erasmus+ i 2024. Med dagens valutakurs utgjer dette om lag 16 millionar norske kroner.

– Tildelinga viser at vi er langt fram på internasjonalt samarbeid i vidaregåande opplæring. All ære til dei tilsette på skolane våre for innsatsen dei legg ned for å gi ungdommane internasjonale moglegheiter. Eg må også skryte av dei tilsette i fylkesadministrasjon som gjer ein strålande jobb med å koordinere store delar av arbeidet, seier kompetanse- og næringssjef Erik Brekken.

Dei vanlegaste aktivitetane er skoleutvekslingsprosjekt, yrkesfagleg praksis i utlandet, samt kompetanseheving for tilsette gjennom kurs og jobbskygging i Europa. 

Personleg og fagleg utvikling

Fylkeskommunen søker om midlar på vegne av eigne skolar og opplæringskontor gjennom såkalla Erasmus+ konsortium. I tillegg søker fleire skolar om midlar direkte. Erasmus+ koordinator i fylkeskommunen, Kristian Severeide,  er klar på at støtta frå EU har stor verdi.  

– Internasjonale aktivitetar bidreg til både personleg og fagleg utvikling for ungdommane våre. Gjennom eit opphald i Europa vil dei kunne få nye perspektiv og impulsar, samt styrke både språkferdigheiter og fagleg kompetanse. Erfaringane viser at elevar og lærlingar veks på opplevinga dei får gjennom slike opphald.

Han legg til:

– Møre og Romsdal er eit stort eksportfylke og har eit internasjonalt retta næringsliv. Då er det viktig at vi som fylkeskommunen legg til rette for eit tydeleg internasjonalt engasjement også i den vidaregåande opplæringa. Då er Erasmus+ programmet heilt avgjerande, seier Severeide.

– Blant dei viktigaste arenaene 

Borgund vidaregåande skole er ein av skolane med lang erfaring med utdanningssamarbeid i Europa. Dei er i år tildelt over to millionar direkte frå Erasmus+.

– Borgund vgs er både stolt og takknemleg for tildelinga frå Erasmus+ . Vi meiner at internasjonale aktivitetar er blant dei viktigaste arenaene vi kan bruke til å gjere våre flotte ungdommar førebudd på å meistre liva sine og delta aktivt i samfunnsliv og yrkesliv. I tillegg får våre tilsette høve til å oppleve andre skolesystem, næringsliv og sjå på eiga verksemd frå andre sine perspektiv. Frå dette vil vi være med å skape morgondagens skole, til det beste for elever og tilsette, seier rektor Roger A. Fylling.

Han legg til at skolen seinast i fjor fekk tildelt Willy Brandt-prisen for deira langvarige samarbeid Handelskammeren i Münster, Tyskland om yrkesfagleg utveksling. Også her har støtta frå Erasmus+ programmet vore viktig.

Læretid i Europa og styrka vaksenopplæring

Fylkeskommunen har dei siste åra styrka engasjementet innanfor Erasmus+.  I dag er fylket det einaste i landet som er Erasmus+ akkreditert både innanfor studieførebuande program, fag- og yrkesopplæring og vaksne si læring. Det inneberer mellom anna ei større satsing på å sende lærlingar ut.

– Vi ser eit aukande engasjement både blant opplæringskontor og lærlingar om å kunne ta deler av opplæringa hos ein bedrift i utlandet. Målet er at dei skal kunne tileigne seg verdifull kompetanse, samt oppleve meistring og inspirasjon , seier prosjektleiar for Læretid i Europa, Rakel Osk Reynisdottir.

Nytt av året er også at fylkeskommunen er tildelt Erasmus+ midlar innan vaksenopplæringa. Her er målet i første omgang å bruke midlane til å styrke samarbeidet regionalt, samt hauste erfaringar og idear frå relevante samarbeidspartnarar i Europa.