Prosjektgruppa bak «Ai trust Libraries» kan juble for europeisk millionstøtte (f.v.): HVO-professor Bjarte Folkestad, HVO-professor Nathalie Homlong, høgskulelektor Ingvild Sande Lillebø, HVO-førsteamanuensis Synnøve H. Amdam (forskingsleiar i prosjektet), HVO-professor Siv M. Gamlem, rådgivar Lisa Alvestad ved fylkesbiblioteket (prosjektleiar) og fylkesbiblioteksjef Mona Iren Auganæs. Det var Auganæs og Amdam som tok initiativ til prosjektet.
HVO / Steinarr Sommerset
Prosjektet «AI trust Libraries» skal undersøke korleis biblioteka kan styrke demokratisk beredskap gjennom praktisk opplæring i kunstig intelligens. Partnarar frå fire europeiske land deltek i satsinga.
– Vi må sjå på korleis vi kan bruke KI til å byggje demokratisk beredskap. Samtidig må vi nå dei mange som ikkje møter oss gjennom skolen eller andre utdanningsløp, seier forskingsleiar Synnøve H. Amdam ved Høgskulen i Volda.
Utvikle og test
Gjennom dei neste tre åra skal prosjektet utvikle og teste nye læringsopplegg i bibliotek. Tilboda kan mellom anna bli KI-verkstader, spelbasert læring og dialogmøte der innbyggjarar kan utforske korleis kunstig intelligens påverkar kvardagen.
– Vi ønskjer å engasjere folk aktivt. Målet er ikkje berre å lære korleis teknologien fungerer, men også kva han betyr for oss som samfunnsborgarar, seier prosjektleiar Lisa Alvestad.
Testar med partnarar
Bibliotek i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland skal teste opplegga i praksis saman med partnarar i Finland, Frankrike og Ungarn.
Fylkesbiblioteksjef Mona Iren Auganæs skal sørge for å få i gang eit nettverk på tvers av forsking og bibliotek om bruk av KI. Det var Auganæs, saman med Synnøve H. Amdam, som tok initiativ til prosjektet og no kan feire å ha fått på plass Erasmus+-millionane.
– Vi ser for oss at prosjektet og nettverket kan sette bibliotek i heile Europa fremst som den arenaen vaksne folk kan bruke for å lære om KI på ein trygg måte, seier Auganæs.
Biblioteka som møteplassar
Også Lokaldemokratisenteret ved Høgskulen i Volda er knytt til prosjektet. Professor Bjarte Folkestad meiner biblioteka speler ei stadig viktigare rolle som møteplassar der folk kan bygge kunnskap, tillit og deltaking i lokaldemokratiet.
Prosjektgruppa får òg støtte frå sterke fagmiljø innan kunstig intelligens. Professor Siv M. Gamlem ved Høgskulen i Volda peikar på at det er behov for å styrke KI-kompetansen i langt større delar av befolkninga enn dei som er i utdanning.
– Vi har mykje forsking og kompetanse å byggje vidare på. Dette gir oss ein moglegheit til å nå langt fleire innbyggjarar, seier Gamlem.
Les meir i nyheitsartikkel på Høgskolen i Volda sine nettsider.
– Folkebiblioteka er ein ideell arena for å få til opplæring gjennom spelbasert læring, demokratisk dialog og skaparverkstader, meiner prosjektleiarane (f.v.) Synnøve Amdam (HVO) og Lisa Alvestad (fylkesbiblioteket).
HVO / Steinarr Sommerset