Får hjelp av OECD til sirkulær omstilling

Sentrale aktørar i Møre og Romsdal, både offentlege og private verksemder, skal denne veka jobbe saman med OECD for å finne oppskrifta på rask omstilling til sirkulær økonomi.

Illustrasjon som viser sirkulærøkonomi - Klikk for stort bileteKjelde: Nasjonal strategi for ein grøn, sirkulær økonomi Melkeveien Designkontor

Møre og Romsdal er valt ut som ein av ti byar/regionar frå heile Europa til å delta i eit samarbeid med OECD. Prosjektet har som mål å auke farta på overgangen til ein sirkulær økonomi i Europa.

Møre og Romsdal er einaste norske deltakar i prosjektet. Fylket er i godt selskap med byar og regionar som til dømes Strasbourg, Berlin og Sør-Danmark.

Det var deltakinga i EU-nettverket Circular Cities and Regions Initiative (CCRI) som gjorde at OECD fatta interesse for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Kven er OECD?

OECD er ein organisasjon for økonomisk samarbeid og utvikling med 38 medlemsland frå heile verda. OECDs Senter for entreprenørskap, små- og mellomstore bedrifta, regionar and byer (CFE) har eit eige program for arbeid med sirkulær økonomi i byar og regionar (Program on the Circular Economy in Cities and Regions). Gjennom dette har OECD samarbeidd systematisk med nasjonale og regionale myndigheiter for å akselerere omstillinga til ein meir sirkulær økonomi over fleire år.

Du kan lese meir om programmet på nettsida til OECD

Gir innspel til OECD

Denne veka skal seks grupper med deltakarar frå ei lang rekke bedrifter i Møre og Romsdal, statsforvaltaren, kommunar, fylkeskommunen, forsking og utdanning gi innspel til OECD om korleis dei jobbar, og kva som er barrierar og drivarar for å få til vekst og omstilling.

Samarbeidsprosjektet skal kartlegge korleis Møre og Romsdal arbeider med å omstille seg til ein meir sirkulær økonomi, med langvarig bruk, gjenbruk og ombruk av ressursane vi har og reduksjon av avfall, utslepp og energibruk. Målet er å få fram konkrete og praktiske anbefalingar for korleis fylket kan omstille seg, i raskare tempo.

– Har store forventningar

Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal i Ålesund er blant deltakarane, og han har store forventingar til sluttrapporten frå OECD, om Møre og Romsdal, som kjem i mai:

– Eg håpar rapporten bidrar til inspirasjon og konkrete tips til korleis arbeidet med sirkulærøkonomi og grøn omstilling kan få enda større omfang og tilslutning, seier Hasseldal.

Hasseldal kjem i møtet til å snakke om økonomi og kultur som han opplever som hinder for auka omfang.

– Tydelege politiske bestillingar og forventningar vil vere fremmande for arbeidet, men også tips og erfaringar frå andre som har lykkast kan skape auka interesse og vilje til å prøve ut nye områder, seier han.

Kva er sirkulærøkonomi?

‘I en sirkulær økonomi må produktene vare så lenge som mulig, repareres, oppgraderes og i større grad brukes om igjen. Når produktene ikke kan brukes om igjen, kan avfallet materialgjenvinnes og brukes som råvarer i ny produksjon. Slik utnytter vi de samme ressursene flere ganger og minst mulig går tapt.

Omstillingen til sirkulær økonomi innebærer endringer i design (design for sirkulær økonomi), produksjon, valg av produksjonsmetoder og forbruksmønster.’ 

Kjelde: Miljødirektoratet.

– Håpar å få gode råd

Også kommunedirektør Marianne Stokkereit Aasen i Molde håpar å få gode råd om korleis dei kan arbeide for å bli enda betre på sirkulær økonomi og grøn omstilling. I møtet kjem ho til å stille det retoriske spørsmålet «Er vi faktisk villige til å bruke ressursane våre på å tenke nytt?»

– Ønsker og evner vi å tenke nytt og ut av boksen? Automatiserte beslutninger er bra, og effektive, så når vi skal velge å gjøre noe på en annen måte, så krever dette mye mer av oss, seier Aasen.

Med kunnskap i botn

Kommunedirektør Arne Ingebrigtsen i Kristiansund har forventing om at regionen skal gå frå ord til handling på ein informert og kunnskapsbasert måte.

– Dessutan at offentlege myndigheiter vil ha eit høgare kompetansenivå i rådgivinga av aktørar i nærmiljøet og regionen.

Om barrierane for å få vekst og utvikling, seier Ingebrigtsen:

– Barrierene er forståinga for at sirkulære system ikkje berre er berekraftige, men også lønnsame.