Surnadal vgs hadde i fjor besøk frå Irland; Midleton CBS i Cork.
Ellen Barret
11 vidaregåande skolar i fylket er akkrediterte (søker sjølve), og har fått slik støtte:
8,5 mill. kr. til fylkeskommunen
Møre og Romsdal fylkeskommune får 774.407 Euro, som er cirka 8,5 millionar kroner. Pengane kan alle vidaregåande skoler i fylket nyte godt av.
– Midlane skolane og fylkeskommunen får betyr at hundrevis av elevar og lærarar får reise ut i Europa for å lære, seier internasjonal rådgivar Kristian Severeide i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fleire skolar i fylket blir del av Erasmus+. Og etter pandemien har samarbeidet med europeiske skolar auka igjen:
– Kvart år får vi nye akkrediterte skolar. Det viser stort engasjement og eit ønske om å vere med på moglegheitene som Erasmus+ gir, seier Severeide.
– Gull verdt
Rektor Hilde Andersen ved Surnadal vgs seier ordninga har stor verdi. Surnadal vgs er ikkje direkte akkreditert, men får midlar gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune:
– Erasmus+ er gull verdt, ikkje berre for opphalda, men også for ringverknadene. Elevane reiser mellom anna til Berlin og Cork, og helseelevar har praksis i Malta. Dette gir elevar og tilsette kunnskap om yrkesliv og samfunn i eit globalt perspektiv. Det er viktigare enn nokon gong i dagens verdsbilete, seier Andersen.
Gir vekst og motivasjon
Ved Romsdal vgs ser dei klare effektar, ifølgje fagleiar og internasjonal koordinator Arne Mittet:
– Elevane får fagleg utvikling og personleg vekst. Dei blir meir sjølvstendige og motiverte.
Erfaring viser at Erasmus+-prosjekt aukar attraktiviteten til fleire utdanningsprogram.
– Vi har prosjekt innan fleire programområde, mellom anna helse- og oppvekstfag (HO), salg, service og reiseliv (SSR), frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign (FBIE), bygg- og anleggsteknikk (BA) og idrettsfag. Det gir mange elevar høve til internasjonal erfaring. Vi samarbeider med skolar i Spania, Frankrike, Italia og Sverige. Ordninga styrkar også lærarkompetansen gjennom jobbskygging og samarbeid, seier Mittet.
Strategisk viktig for yrkesfag
Ved Borgund vgs er Erasmus+ ein viktig del av utviklinga, seier rektor Roger Andre Fylling:
– Internasjonale aktivitetar er eit strategisk rom for å styrke kvaliteten som yrkesfagleg utdanningsarena. Gjennom jobbskygging og samarbeid med skolar og bedrifter får tilsette nye perspektiv på læring, danning og kva det vil seie å bli yrkesklar. Dette tek vi med tilbake til eigen skole og reflekterer i team og avdelingar, seier Fylling.
Han ser også tydeleg at internasjonale erfaringar gir elevane fagleg utvikling og personleg vekst:
– Å vere minoritet i eit anna land gir innsikt i medmenneskelegdom, samarbeid og eiga rolle i fellesskapet. Det styrkar danningsreisa og kompetansen i skolekvardagen, seier han.
- Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, og støttar internasjonalt samarbeid og mobilitet i Europa.
- Programmet gir elevar, lærlingar, studentar og tilsette høve til å reise ut i Europa, for læring, praksis og fagleg samarbeid.
- Noreg deltar fullt ut i Erasmus+ gjennom EØS-avtalen, og norske deltakarar har dei same moglegheitene som deltakarar frå EU-land.
- Møre og Romsdal fylkeskommune bruker Erasmus+ aktivt i vidaregåande opplæring, mellom anna for å gi elevar og lærlingar internasjonal erfaring.
- Erasmus+ er ein viktig del av arbeidet med å styrke kvalitet, relevans og internasjonal kompetanse i vidaregåande skole i fylket.