Fakta om Maritim kompetanseberedskap
Formål:
Å styrke samspelet mellom maritimt næringsliv, utdanning og Forsvaret – og sikre nok kompetanse til både sivil og militær sektor i ei tid med auka beredskapsbehov.
Bakgrunn:
Initiativet starta i 2024 som respons på Forsvaret sin langtidsplan, med forankring i det maritime miljøet i Ålesund.
Kven står bak:
Maritimt Forum Nordvest har prosjektansvaret, med støtte frå Sparebanken Møre og Møre og Romsdal fylkeskommune. Partnarane er Norsk Maritimt Kompetansesenter, ÅKP / GCE Blue Maritime Cluster, NTNU, NTNU Ocean Training Centre, Fagskolen Møre og Romsdal, Ålesund vgs og Borgund vgs.
Nye roller:
Juuni Elisabeth Vatne (GCE Blue Maritime) er ny forsvarskoordinator. Ein ny fagkoordinator mellom utdanningsinstitusjonane skal på plass. Britt Giske Andersen får prosjektleiaransvar for maritim kompetanseberedskap i Maritimt Forum Nordvest, etter at Elise Fiske no er tilbake frå permisjon. Maritimt Forum Nordvest får dermed auka kapasitet.
Mål:
Å auke utdanningskapasiteten, styrke rekrutteringa og utvikle eit nasjonalt kompetansesentrum for maritim beredskap, og bidra til at fleire bedrifter i den maritime klynga kan produsere i tråd med behov frå Forsvaret.