Erik Birkeland/Tingh
Den 5. juni vedtok kompetanse- og næringsutvalet einstemmig å løyve inntil 1,2 mill. kr til Gjemnes kommune og til eit pilotprosjektet som skal teste ut ny organisering av veterinærtenester.
Det er kommunane som har ei lovpålagt plikt til å sørge for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell, og for å organisere veterinærvakt. Men ifølge den politiske saka som vart lagt fram for utvalet, slit fleire kommunar i Møre og Romsdal både med rekruttering av veterinærar, manglande verktøy og tilgang til akuttbehandling.
Målet med prosjektet som no får støtte er å
- betre tilgangen på dyrehelsepersonell
- organisere ei felles klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid for kommunane Molde, Aukra, Gjemnes, Hustadvika, Kristiansund, Tingvoll og Sunndal
- teste ut og finne ei optimal organisering av personell på tvers av området.
- finne ei hensiktsmessig organisering av insemineringsverksemda.
Det er Gjemnes kommune som er prosjekteigar.
Du kan lese heile saka på fylkeskommunen si nettside.