Det har eit einstemmig kompetanse- og næringsutval vedtatt.
Møre og Romsdal fylkeskommune lyste ut tilskot til mentor- og trainee-ordning for innvandrarar i Møre og Romsdal, og det kom inn fire søknadar innan fristen. Ordninga skal legge til rette for at innvandrarar med fagutdanning eller høgare utdanning skal få nytte kompetansen sin på rett plass i arbeidslivet, gjennom tilsetting eller ved å skape sitt eige arbeid.
Dei fire prosjekta som får tilskot, og beløpet er avgrensa til 50 prosent av totalkostnad, og er gitt på vilkår av fullfinansiering:
Søkar | Prosjekt | Tilskot i kr |
---|
Sunndal utviklingsselskap | Integrering og rekruttering i arbeidslivet | 315.000 |
Sykkylven kommune | Mentorordning for innvandrarar i Sykkylven | 250.000 |
Vestnes Næringsforum | Mentor- og trainee-ordning for innvandrarar i Vestnes | 300.000 |
Vindel AS | Kompetansetreff | 355.000 |
Sum: | | 1.220.000 |
Møteinnkalling, saksframlegg og møteprotokoll frå kompetanse- og næringsutvalet måndag 11. november