Fargespill Ålesund får inkludering- og mangfaldsprisen.
Gro Dalen, Fargespill
Leiar i kultur- og folkehelseutvalet, Leif Ersnes, meiner Fargespill er ein svært verdig vinnar av inkludering- og mangfaldsprisen for 2025, fordi innsatsen dei legg ned også får ringverknader i lokalsamfunnet.
– Når barn og unge får dele sine eigne uttrykk og tradisjonar, skapar vi fellesskap som bygger bru mellom kulturar og erfaringar. Det har Fargespill Ålesund gjort i ti år, med ei varme og eit engasjement som gjer mangfaldet til ein styrke for heile byen. Dei viser korleis kunst kan gi tilhøyrsle, respekt og nye møte mellom menneske – og korleis eit opent fellesskap løftar både deltakarane og lokalsamfunnet, seier Ersnes.
– Prisen betyr mykje
Gro Dalen, leiar for styringsgruppa for Fargespill Ålesund, seier at det å få inkludering- og mangfaldsprisen betyr mykje:
– Det er ein fantastisk anerkjenning av det arbeidet som har vore lagt ned gjennom ti år. Vi har eit fantastisk kunstnarisk team der mange av dei har vore med sidan dag éin. Dei har hjartet med seg i alt dei gjer. Det er derfor barn og unge trivst så godt, seier Dalen.
Grunngiving for prisen
Fargespill Ålesund blir tildelt prisen for sitt langsiktige og inkluderande arbeid med å samle barn og unge frå meir enn 20 nasjonalitetar i eit skapande fellesskap. Gjennom musikk, dans og personlege uttrykk gir prosjektet deltakarane moglegheit til å dele eigne tradisjonar, bygge vennskap og finne tilhøyrsle på tvers av språk og bakgrunn. Fargespill løfter fram mangfald som ein styrke og skaper trygge rom kor det er plass til alle. Prosjektet bygger bru mellom kulturar og er ein viktig bidragsytar til eit meir ope og inkluderande lokalsamfunn, i tråd med formålet for prisen.
Prisen, som består av 15.000 kr og eit kunstverk, vil bli delt ut på fylkestinget i april.
Inkludering- og mangfaldsprisen vart delt ut for første gong i 2021. Prisen skal gå til ein person, gruppe av personar, bedrifter, institusjonar eller organisasjonar som bur i, eller har sterk tilknyting til fylket.
Prismottakarar skal ha tatt initiativ til eller gjennomført tiltak som fremmer like moglegheiter, meir inkludering og mangfald i samfunns- og arbeidsliv, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, alder, etnisitet, språk og religion.
Desse har tidlegare fått prisen:
- 2024: Langset Mek
- 2023: BROR Mental helse
- 2022: Stiftelsen JoinUs
- 2021: Ekornes
- 2020: Håvard Johansen