Fargespill heidra med inkludering- og mangfaldsprisen

Fargespill fekk inkludering- og mangfaldsprisen for 2025 under fylkestinget i Ålesund. Prisen vart delt ut på første dag av fylkestinget og heidrar eit langsiktig og inkluderande kulturarbeid for barn og unge i fylket.

Fargespill flankert av utvalsleiar Leif Ersnes (til venstre), og fylkesordførar Anders Riise. Fargespill frå venstre Runar Tafjord, Polaire Ble, Carina Nørve og Karoline Isaksen. - Klikk for stort bileteFargespill flankert av utvalsleiar Leif Ersnes (til venstre), og fylkesordførar Anders Riise. Fargespill frå venstre Runar Tafjord, Polaire Ble, Carina Nørve og Karoline Isaksen. Per-Kristian Bratteng

Det er kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune som har vedteke å gi prisen til Fargespill. I grunngivinga blir det peika på at Fargespill samlar barn og unge frå meir enn 20 nasjonalitetar i eit skapande fellesskap, der musikk, dans og personlege uttrykk gir rom for å dele eigne tradisjonar og bygge tilhøyrsle på tvers av språk og bakgrunn .

Gjer mangfald til ein styrke

Leiar av kultur- og folkehelseutvalet, Leif Ersnes, delte ut prisen og løfta i talen fram korleis Fargespill gjer mangfald til ein styrke og skaper fellesskap som gir ringverknader i lokalsamfunnet.

– Eit inkluderande samfunn blir bygd der menneske får bruke ressursane sine, blir sett, og kjenner at dei høyrer til. Årets prismottakar er eit sterkt og godt eksempel på nettopp dette, sa Ersnes.

«Kva har du?»

Kunstnarisk leiar for Fargespill, Karoline Isaksen, takka for prisen på vegner av organisasjonen. I takketalen oppsummerte ho Fargespill med åtte bokstavar og eit spørsmålsteikn:

– Kva har du? Det er slik vi lagar forestillingane våre. Vi spør barna og ungdomane som er med om dei har ein song, ein dans eller ei historie. Så set vi alle desse skattane saman.

– Rommar ei forventning

Ho understreka at spørsmålet rommar ei forventning om at alle har noko å bidra med.

– Når nokon forventar at du er ein ressurs, så ser du også på deg sjølv som ein ressurs, sa Isaksen.

Frå Fargespill møtte Karoline Isaksen, Polaire Ble, Carina Nørve og Runar Tafjord under prisutdelinga.

Inkluderings- og mangfaldsprisen blir delt ut årleg av fylkestinget. Prisen består av eit kunstverk laga av ein kunstnar frå Møre og Romsdal og 15.000 kroner .