Feira dei nye elbussane som rulla ut på Nordmøre

Sola skein om kapp med nye og nyvaska bussar i Surnadal. Det blei ein merkedag for både sjåførar og passasjerar.

To menn holder bånd med norsk flagg, ordførar klipper over og markerer åpning.  - Klikk for stort bileteFungerande ordførar Annett Ranes hadde allereide fått tatt seg ein busstur. Snorklipparen var svært nøgd med den. Jan Ragnvald Eide

Som vanleg blei det både velvalde ord, snorklipping, kaffi og kake. Det er ikkje kvar dag at over 30 elektriske bussar blir sette inn på fleire viktige strekningar i regionen. I tillegg er det etablert sju ladeanlegg.

Dei frammøtte fekk også ta ein titt inne i dei nye bussane. Det var ein langdistansebuss som var dagens modell, og nøgde sjåførar kunne vise fram den nye arbeidsplassen sin. Både seter og funksjonar blei grundig testa. Bussane er nesten fire meter høge og har god plass til bagasje. Rullestolheisa, som har ein løftekapasitet på heile 500 kilo, blei også prøvd ut.

Busspendlande ordførar klipte snora

Fungerande ordførar i Surnadal, Annett Ranes, stod for snorklippinga. Ho fekk ein liten tjuvstart allereie kvelden før, då ho fekk sitte på med ein av dei nye bussane. Ranes pendlar delvis frå Kristiansund og var svært nøgd med turen.

Dei nye bussane er ein del av den nye kontrakten mellom FRAM og Vy Buss i den såkalla rutepakke 6. Kontrakten har ein verdi på 1,1 milliardar kroner og gjeld i ti år.

Utsleppsfri også på langdistanse

Også bussane som skal køyre dei lengste rutene, skal no gå på straum. Utviklinga av batteri og ladeinfrastruktur gjer at også langdistansebussar kan bli utsleppsfrie.

– Dette er eit viktig skifte. Når vi no får langdistansebussane våre over på nullutsleppsløysingar, gir det betre komfort for dei reisande, samtidig som det er svært bra for klimaet, sa samferdselsdirektør Jesper Wiig.

Dei nye bussane vil redusere CO₂-utsleppa med nesten 2.000 tonn.