Fekk 59 søknadar – tildelte ungdomsmidlar til 11 prosjekt

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal opplevde rekord i tal søknadar til ungdomsmidlar for 2023. Frå bunken på 59 søknadar har dei løyvd til saman 125.000 kroner til 11 ungdomsaktivitetar.

Åtte ungdomar i Ungdomspanelet. - Klikk for stort bileteUngdomspanelet i Møre og Romsdal. Per-Kristian Bratteng

Den andre av to tildelingar av ungdomsmidlar i 2023 fekk 59 søknadar, noko som var ny rekord. Det totale søknadsbeløpet for andre tildeling i år var på 1.178.103 kroner. Av desse var det 11 prosjekt som fekk midlar. 

Etter diskusjon i ungdomspanelet valde dei til slutt å gi midlar til mellom anna ungdomsklubbar, felles skitur for ungdomane i kommunen, innkjøp av utstyr til talkshow og podcast og aktivitetsdagar på skule og ungdomsklubbar.

Neste frist for å søke er 1. april 2024

Kvart år deler ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut 250 000,- til ungdomsaktivitetar i fylket. Søknadsfristane er 1. april og 1. desember. Tilskotet blir gitt til prosjekt som stimulerer til ungdomsengasjement og skal gå til ungdomsaktivitetar som elles ikkje får støtte frå det ordinære budsjettet til fylkeskommunen. 

Desse 11 prosjekta fekk ungdomsmidlar

Desse 11 prosjekta fekk ungdomsmidlar
Søkar Kommune Søknaden gjeld Tilsagn
Surnadal videregåande skule Surnadal Sosialveke på skolen 7.000
Lyd og Lys Valderøya Giske Innkjøp av utstyr til podcast/talkshow 15.000
Hareid kommune Hareid Søknad til felles skitur til Bondalseidet, arrangert av ungdomsråda i sjustjerna. Eit tilbod til alle ungdomane i kommunen. 15.000
Sykkylven Idrottslag, for Høbben Sykkylven Høbben ungdomsklubb, innkjøp av mjuke sittegrupper, samt meir utstyr til gaming-konsollaner. I tillegg er det eit stort ønske om fleire brettspel. 15.000
Ulstein ungdomsråd Ulstein Søknad til felles skitur til Bondalseidet, arrangert av ungdomsråda i sjustjerna. Eit tilbod til alle ungdomane i kommunen. 15.000
Bergsøy Ungdomslag Gjemnes Vil arrangere ein aktivitetsdag i løpet av vinteren med mat, drikke og litt godis til. 7.000
Gjemnes Undomsråd Gjemnes Innkjøp av utstyr til utekino 5.170
Åndalsnes IF Rauma Ungdomsklubben, eit tilbod til alle ungdomane i kommunen. 12.830
Herøy ungdomsråd Herøy Søknad til felles skitur til Bondalseidet, arrangert av ungdomsråda i sjustjerna. Eit tilbod til alle ungdomane i kommunen. 15.000
Knerten Ungdomsklubb, Midsund Molde Kjøp av utstyr til oppstart av ungdomsklubben Knerten hausten 2023. 15.000
Ungdomskveld i Dalsfjord Volda Innkjøp av mikrobølgeovn og spel/bordtennisballar. 3.000

 

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal var sist helg og måndag samla i Molde. Dei hadde mellom anna møte med fylkesordførar Anders Riise og statsforvaltar Else-May Norderhus, behandla andre runde med ungdomsmidlar i 2023, samt møtte Molde Ungdomsråd.

Ungdomspanelet var også oppe på talarstolen på første dag av fylkestinget og bad om at skolar, kollektivtilbodet og ungdomsmedverknad blir skjerma for kutt i budsjettet for 2024, i tillegg til at ein gir eit nødvendig løft til ungdomsmiddelordninga.

– Der har ungdomspanelet fleire år på rad fått søknadar til titals gangar det ein har å gi. Gode søknadar har dermed ikkje fått tildelt pengar, og tiltak har ikkje blitt starta opp, seier ungdomspanelet sin leiar, Niels Adon Leenders.