To konditor- og ein servitørlærling hospiterer innen lærefaga sine i Wien, Austerrike i 2024. Konditorane Hanne Kjellstad (lærling på Havila hos Maritim opplæring Nordvest) og Annic Kriens (konditorlærling på Havila hos Maritim opplæring Nordvest), og servitør Tobias Nikolai Stranden (servitørlærling på Havila hos Maritim opplæring Nordvest).
Gry Rishaug Hansen
Akkurat no søker fylkeskommunen lærlingar til to spennande prosjekt med avreise i januar; eitt i Tyskland og eitt i Irland.
– Vi håpar fleire lærlingar grip sjansen og hiv seg rundt og sender inn ein søknad så fort som mogleg, seier Rakel Heimvon, internasjonal rådgivar og prosjektleiar i fylkeskommunen.
Her kan lese meir om Læretid i Europa, og korleis du søker.
Fått ekstra stor tildeling
Prosjektet har vakse raskt dei siste to åra, og fylkeskommunen har no fått ei ekstra stor tildeling frå Erasmus+ – midlar som er øyremerka internasjonal aktivitet for yrkesfag i vidaregåande opplæring. Det betyr at fleire enn før kan få sjansen til å reise ut.
– Læretid i Europa gir fagleg utvikling, nye vennskap og internasjonal erfaring. Mange kjem heim med ny motivasjon og større sjølvtillit, seier Rakel Heimvon, internasjonal rådgivar og prosjektleiar.
Jobbar i lokal bedrift
Kva går det ut på? Lærlingane reiser i grupper på 5–15 personar frå Møre og Romsdal til ein europeisk by eller bygd. Der bur dei og jobbar i ein lokal bedrift innan sitt fagområde. Kva reise lærlingane får tilbod om, avhenger av lærefaget dei tar og kva tid det passar å dra. Dei fleste får eitt eller to alternativ å velje mellom.
Reisemåla er Danmark, Tyskland, Austerrike, Frankrike, Spania, Malta og Irland.
Kostar det noko? Nei, Erasmus+-midlane dekker både fly, kollektivtransport og husleige i utlandet. Lærlingane får som regel permisjon utan løn frå lærebedrifta, men får eit Erasmus+ reisestipend som kan brukast til mat og opplevingar medan dei er ute.
Kven kan søke?
For å kunne søke må ein:
- vere over 18 år
- ha lærekontrakt i Møre og Romsdal
- vere motivert og interessert i faget sitt
- ha gode referansar frå lærebedrifta og opplæringskontoret (samarbeidsorganet)
– Er du interessert? Start med å snakke med opplæringskontoret (samarbeidsorganet) og lærebedrifta di, og høyr kva dei tenker. Det er viktig at vi har begge med på laget! Deretter kan du sende inn det digitale søknadsskjemaet. Då tek vi kontakt med deg og då begynner ballen å rulle, oppfordrar Rakel Heimvon.
Prosjektet Læretid i Europa er ein del av fylkeskommunen si satsing på yrkesfag og internasjonalisering i vidaregåande opplæring.
Link til Læretid i Europa: mrfylke.no/europa