Fekk gründeropplæring: Ukrainske Olena starta bakeri og kafe

Motiverte deltakarar og tett oppfølging har gitt resultat: Gjennom kurs og opplæring har fleire ukrainske kvinner etablert bedrifter i regionen og fått innpass i arbeidslivet. 

Den 21. november opna Olena Novak (27) bakeri saman med mora si, Olena Tyshchenko (50), i dei tomme butikklokala på Grøa, ti minutt frå Sunndalsøra. No kan sunndalingane velje og vrake i velduftande og dekorativ bakst, frå både Ukraina og Noreg. 

Det var ikkje gitt at dei ukrainske kvinnene skulle bli gründerar då dei flykta frå Dnipro i Ukraina til Sunndalen, i 2023. Men etter å ha deltatt på opplæringsprogrammet ReStart, i regi Møre og Romsdal fylkeskommune i saman med Protomore og Vindel, såg dei moglegheita.

– Det var eit veldig nyttig kurs, der vi fekk svar på alt vi lurte på. Vi fekk tilgang til mentorar, lærte å selje oss inn og møtte mange ulike bedrifter, fortel Olena, som har ein mastergrad i datavitenskap frå heimlandet.

-Det mest lærerike var marknadsundersøkinga vi gjennomførte, som fekk oss til å endre konseptet og rette salet mot nordmenn, seier ho.

I dag sel dei mest kanelbollar, men også ukrainsk bakst som valmuebollar og pirogar går unna, og sjølvsagt julekaker i julestria. 

Responsen på den koselege kafeen og bakarvarene har vore svært god, men mange kundar etterlyser brød. Finansiering er krevjande, og utstyret er kostbart. Men det blir snart ferske brød i hyllene, lovar Olena.

– No sparer vi til brødbakemaskin, seier ho med eit smil. 

Gratis kurs med effekt

ReStart-programmet har vore gratis for deltakarane og har inkludert fem samlingar i Molde og Kristiansund. Deltakarane har hatt personleg rådgivar og mentor, tilgang til lokale og bedriftsnettverk. Så langt har det resultert i fire etableringar, dei fleste andre deltakarane har starta i anna jobb og fått ein solid fot innanfor arbeidslivet

Programmet er ein del av EU-prosjektet BSI4Women, som har partnarar frå sju europeiske land. I vår region har Vindel, Protomore, Sunndal Næringsselskap, Nordveggen og hoppid.no samarbeidd om gjennomføringa av gründerprogrammet.

Fire nye bedrifter

May Britt Roald, prosjektleiar for ReStart, er godt nøgd:
–  Vi ser er at når deltakarane fekk tilgang til lokale nettverk saman med gründerprogrammet får vi både fleire bedriftsetableringar og fleire finn seg ein relevant jobb. Det er eit svært godt resultat, seier ho. 
Prosjektet er avslutta i desember 2025, men erfaringane blir tatt med vidare inn i nye program og samarbeid.