Fekk idrettsstipend på 50.000 kroner

Under fylkeskulturkonferansen i Molde den 11.-12. september vart Møre og Romsdal fylkeskommune sitt  idrettsstipend delt ut. Lovise Skarbøvik Andresen frå Dimna IL, Aron Rodal Haugen frå Trollheimen fjellsportklubb og Molde basketballklubb fekk kvar sitt stipend på 50 000 kroner.

Gruppebilde av idrettsstipendvinnarar og prisutdelar - Klikk for stort bileteFrå venstre: Jessica Gärtner, Aron Rodal Haugen, Greg Knudson og Trine Skarbøvik Andresen Anna Lianes

Lovise Skarbøvik Andresen, utmerkar seg i hekkeløp på korte distansar. Ho tok NM-gull på 60 meter hekk innandørs og vart nordisk meister på same distanse i februar 2024. Ho deltok også i friidretts-EM i Roma i sommar og er framleis i sesong og ute på reise. Det var derfor mamma Trine Skarbøvik Andresen og morfar Oddbjørn Skarbøvik som tok i mot prisen på hennar vegne.

Aron Rodal Haugen, har markert seg innan fjelløp og randonee. Han har vunne norgescupen i randonee og tok to NM-gull i juniorklassen i 2024. Aron har også sikra seg internasjonale medaljar, blant anna to sølv i VM i fjelløp for juniorar.

Molde basketballklubb, som vart etablert i 2018, fekk klubbstipendet for sitt arbeid med å fremje basketball i regionen. Klubben har rundt 200 aktive medlemmar. Dei har det siste året mellom anna drive inkluderingstiltaket «inklubasket», hatt ei fritidsordning for skolebarn, gjennomført skolebesøk på fem skolar, og deltatt med sju lag i regionserien. Dei ønsker at idretten skal vere for alle. Det var leiar og primus motor Greg Knudson som tok i mot prisen.

Jessica Gärtner, leiar i kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, gratulerte vinnarane og understreka betydninga av å støtte unge utøvarar og klubbar med høgt aktivitetsnivå.

Stipenda blei tildelt under eit møte i kultur- og folkehelseutvalet 4. juni 2024.

Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet 4. juni 2024