Fristen for å gi høyringssvar gjekk ut 1. september.
– Vi har fått mange gode og konstruktive innspel som er nyttige for vidare jobbing med saksframlegget, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I vår la fylkeskommunedirektøren fram eit omfattande kunnskapsgrunnlag som viser utviklingstrekk og utfordringar i vidaregåande opplæring. Dette dannar bakteppet for høyringa og arbeidet med ny skole- og tilbodsstruktur i perioden 2026-2040.
Vidare prosess
No skal fylkeskommunedirektøren gå gjennom innspela og vurdere dei. Høyringssvara blir brukt i arbeidet med å ferdigstille eit saksframlegg der ein innstiller på ny skole- og tilbodsstruktur. Innstillinga blir i oktober lagt fram for alle politiske råd og utval i fylket.
Saka skal vidare til fylkesutvalet, før endeleg vedtak i fylkestinget 9.-10. desember.
– Høyringssvara gir oss viktige signal om kva som er viktig for innbyggarane, for lokalt næringsliv og aktørane i utdanningssektoren. Det styrkar grunnlaget for å fatte gode og framtidsretta vedtak, seier Brekken.
Bakgrunn for endringane
Bakgrunnen for arbeidet med ny skole- og tilbodsstruktur er den store nedgangen i elevtalet i åra framover. Fram mot 2040 blir det nærmare 2.000 færre elevar enn i dag i dei vidaregåande skolane. Det er ein nedgang på over 20 prosent.
– Utan å ta grep, vil vi på sikt ikkje klare å gi elevane høg kvalitet i opplæringa, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.
På våre nettsider mrfylke.no/skolestruktur kan du lese innspela som er komme inn.
Kontaktperson:
Erik Brekken,
kompetanse- og næringsdirektør,
telefon 48 13 12 91