Fekk ny EU-godkjenning, no skal fleire vaksne bli kvalifisert for arbeidslivet

Vaksne i vidaregåande opplæring skal få nyte godt av Møre og Romsdal fylkeskommune si nye Erasmus+-godkjenning.

Fylkeskommunen har nyleg fått Erasmus+-godkjenning som konsortium for vaksne si læring. Frå før har fylkeskommunen godkjenning innanfor skole og fagopplæring, og Møre og Romsdal er dermed det første fylket i landet som har Erasmus+-godkjenning på alle tre felt.

Dette er konsortium

Konsortium (frå latin consortium: 'selskap', 'fellesskap') er ei samanslutning eller samarbeidsavtale mellom personar, organisasjonar, firma, myndigheiter eller einkvan kombinasjon av desse, vanlegvis for saman å oppnå forretningsmessige mål. Samarbeidet kan vere meir eller mindre formelt, frå munnlege avtaler til oppretting av felles selskap. (Kjelde: Wikipedia)

– Finansieringa i Erasmus+-ordninga vil være til god hjelp i arbeidet med å kvalifisere fleire som står i utanforskap, og gi dei varig tilknyting til arbeidslivet, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Samarbeid er avgjerande

Heilt avgjerande for å snu den demografiske utviklinga, er samarbeid med andre aktørar som NAV Møre og Romsdal, kommunale vaksenopplæringssenter og med lokalt- og regionalt arbeidsliv. Dessutan gir Erasmus+-godkjenninga ei opning for kunnskap, utveksling av idear og erfaringar på tvers av landegrenser.

Nye tilbod for dei vaksne i vidaregåande opplæring blir:

  • Eit individuelt tilpassa kvalifiseringsløp. Det vil vere nyttig å lære om ulike kartleggingsverktøy og liknande frå andre land som har arbeidd med dei same målgruppene.
  • Modulstrukturert opplæring i 13 lærefag som hovudmodell for kvalifisering av vaksne. Dette frå hausten 2024. I dag må vaksne som fell ut av kvalifiseringsløp starte på nytt igjen dersom de ønsker seg tilbake til opplæring.
  • Samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv. Det bli interessant å finne ut korleis desse aktørane er kopla på kvalifisering i andre europeiske land.

Dette er Erasmus+

  • Erasmus+ er EU sitt program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett. Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram, med eit budsjett på 28,8 milliardar euro for perioden 2021-2027. 
  • Programmet støttar mobilitet og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet: barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.
  • Programmet er finansiert av Europakommisjonen. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse er nasjonalt kontor for utdanningsdelen av programmet.

(Kjelde: Erasmus+)

Auka kompetansebehov

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak har peika på den demografiske utviklinga som ei av dei største utfordringane for Møre og Romsdal dei neste tiåra; svak vekst i folketalet, redusert elevtal i vidaregåande opplæring og ein stadig aldrande befolkning. Det gjer at kompetansebehovet i arbeidslivet er venta å auke. Hennar problemstilling er «Korleis kan vi få løyst oppgåvene vi har i dag med færre folk?».

– Høge krav til norskkunnskap, sosiale og digitale ferdigheiter pregar arbeidsmarknaden, og det er behov for å gi vaksne i vidaregåande opplæring ei auka kompetanse særleg på desse områda. Samtidig; gjennom ny opplæringslov og fullføringsreform blir det stilt nye krav til fylkeskommunen som utdanningstilbydar og tilretteleggjar for livslang læring. Då vil finansieringa som ligg i Erasmus+-ordninga vere til god hjelp når vi skal arbeide for å oppfylle dei vaksne sine rettar, seier kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken.