Fekk prisen «Årets bedrift 2023»: – Tusen takk for anerkjenninga

Til ståande applaus frå fylkestinget fekk Monja og Sindre Mjelva ved Hotel Union Geiranger måndag overrekt prisen «Årets bedrift 2023».

Fire personar frå prisutdelinga. - Klikk for stort bileteUtdeling av prisen Årets bedrift 2023. Frå venstre leiar av kompetanse- og næringsutvalet Geir Stenseth, Monja og Sindre Mjelva frå Hotel Union Geiranger, og fylkesordførar Anders Riise. Per-Kristian Bratteng

Det er kompetanse- og næringsutvalet som har valt prisvinnar, og utvalsleiar Geir Stenseth la i sin tale til fylkestinget vekt på rolla som hotellet har for lokalmiljøet:

– Den sterke Union-atmosfæren med kvalitet og sørvis i generasjonar, er ført vidare av Monja og Sindre Mjelva som vertskap i fjerde hotellgenerasjon. Hotellet er ei viktig lærebedrift. Dei legg stor vekt på å utvikle sine medarbeidarar og følge opp lærlingar med tilpassa opplæring.  Hotellet tar også samfunnsansvar ved å bygge bustadar for dei tilsette og bidreg slik med å auke folketalet i Geiranger. Bedrifta har gått frå sesongopent, til tilnærma heilårsdrift, noko som har som resultat i fleire heilårs arbeidsplassar. Og med sine vel 70 tilsette, er bedrifta svært viktig for Geiranger som berre har 230 innbyggarar, sa Stenseth blant anna.

Arbeider for å få fram dei unge

Hotelleigarane og -drivarane takka for prisen og for anerkjenninga:

– Dette er ei stor ære for oss og for alle dei flotte arbeidarane på laget vårt som er med kvar dag på å skape dei små og store hotellopplevingane som vi vil gi til alle gjestane våre, sa Sindre Mjelva. Og la til at dei er spesielt glade for å vere ein bedrift som arbeider med unge og får dei fram i bransjen – eit arbeid særleg Monja har tatt stort ansvar for:

– Det å jobbe med lærlingar er noko vi brenn for. Det er veldig hyggeleg at nokon i samfunnet vil utvikle seg i dei praktiske faga. Det trur eg vi må heie enda meir på, slik at vi skapar ei stoltheit for det, sa Monja Mjelva.

Stor tru på framtida

I sin tale til fylkestinget så dei både bakover og framover. Dei har stor tru på framtida, både for bedrifta, for bygda og for reiselivet i fylket:

– Vi er glade for at det kjem heilårsferje på Geirangerfjorden. Det gjer at vi vil få til vidare utvikling av bedrifta vår og bygda. Berre å sjå til Flåm og Nord-Noreg. Geirangerfjorden er eitt av fyrtårna i reiselivet i Noreg. Og om dette produktet blir tilgjengeleg heile året, så kan det få store ringverknadar for reiselivet i Møre og Romsdal heile året, sa Monja Mjelva.

Rekordomsetning på vinteren

Sindre Mjelva sa at Flåm og Nord-Noreg spesielt har rekordomsetning og rekordhøge prisar på hotella vinterstid. 

– Bedrifter lever veldig, veldig bra på ein sesong ingen trudde dei skulle få til. 

– Vi ser at tunnelen austover og mot Bergen og Oslo vil vere avgjerande for å utvikle regionen og bygda vår for vidare utvikling av turismen som kjem. For den kjem, sa Sindre Mjelva.