Bildet viser Søblomsten, som fekk løyvd eit tilskot på ein million kroner for 2024.
Peter Brennvik
Kultur- og folkehelseutvalet fordelte nyleg 3.632.000 kroner til ulike tiltak for å ta vare på eldre fartøy. I denne tildelingsrunden var det berre båtprosjekt som fekk tilskot.
Desse tiltaka fekk tilskot:
Kulturminne/prosjekt | Kommune | Tilskot 2024 | Tilsegn 2025 |
---|
Slukk II, slippsetting Kystvågen | Kristiansund | 200 000 | |
MB Tafjord, slutt-restaurering Hardanger Farøyvernsenter | Sykkylven | 700 000 | 500 000 |
DS Thorolf, råteskader, steamwinch. | Sula | 250 000 | |
Sundbåten Rapp, stål- sveisearbeid. | Kristiansund | 250 000 | |
MS Bilfergen, klassing, slippsetting, skorstein. | Kristiansund | 232 000 | |
Søblomsten, ankerspill, skipperlugar, stående rigg, prosjektleder. | Vestnes | 1 000 000 | 500 000 |
Sum 3 632 000 | | 2 632 000 | 1 000 000 |
Ein del av støtta var delt ut som førehandstilsegn.
Formålet med tilskota er å bidra til at verna og freda fartøy blir tatt vare på, sett i stand og tatt i bruk. Tilskot til vern av eldre fartøy er også viktig for å støtte dei frivillige som utfører arbeidet. Det bidrar til å halde ved like kunnskapen om eldre handverk og teknikkar og til å styrke desse fagmiljøa.
Tilskot, prisar og stipend - Møre og Romsdal fylkeskommune (mrfylke.no)
Innkalling, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet tysdag 12. mars 2024