Fem millionar til friluftslivsformål

Møre og Romsdal fylkeskommune ved kultur- og folkehelseutvalet har 6. februar fordelt 4.990.000 kroner til ulike formål innanfor friluftsliv. Dette er midlar som kjem i tillegg til spelemidlar.

Utsikt frå eit fjell. - Klikk for stort bileteBildet er tatt frå Rotanakken, (Emblemsfjellet) i Ålesund kommune. Utsikt mot Sunnmørsalpane. Sunniva Hellandsvik Ødegård

Midlane er fordelt både til friluftslivsanlegg, og til tiltak og arrangement som stimulerer direkte til friluftslivsaktivitet.

Anlegg og aktivitet

Cirka 3,3 millionar kroner er gitt til å utvikle statleg sikra friluftsområde. Her har mellom anna Vikholmen i Ålesund, Moldemarka i Molde og Brunsvikbukta i Kristiansund fått midlar. Midlane som kjem frå Miljødirektoratet kan brukast til å legge til rette i område som er sikra og bandlagt til friluftslivsformål. Dette kan til dømes vere tiltak som opparbeiding av turstiar og parkeringsplassar, utbetring av badeplassar og bygging av toalett.

1,67 millionar kroner er tildelt tiltak som stimulerer direkte til friluftslivsaktivitet. Her er det friluftsråd og frivillige lag og organisasjonar som kan få tilsegn. Midlane er fordelt til turarrangement, friluftsleirar, kurs og liknande.  

Fleire turgåarar gir betre folkehelse

I tillegg vil fylkeskommunen utover våren også fordele kr 500.000 til ulike enkle tilretteleggingstiltak som skilting, merking, og tilrettelegging av kulturminner og friluftslivsområder. Å kombinere turar med kulturminneattraksjonar kan gi turopplevingane ein ekstra dimensjon og få enda fleire ut. Det er også viktig at folk har tilgang på turmoglegheiter i nærleiken av der dei bur.

Sjå vedlagt liste over kven som har fått støtte:

Friluftslivsaktivitet

FirmanavnTiltaksnavn

Tildeling

4H Møre og Romsdal4H i friluft 2024

75 000

DNT RomsdalDNT Opptur

105 000

DNT RomsdalDNT tilrettelagt Romsdal

235 000

DNT SunnmøreHyttetur for mennesker med funksjonsnedsettelser

20 000

DNT SunnmøreBase Camp Kaldhusseter

50 000

DNT SunnmørePadledag for synshemmede

32 000

DNT SunnmøreFriluftsskoler

50 000

DNT SunnmøreOpptur for 8.klasse

105 000

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, kommunalt oppgavefellesskapIntrokurs i friluftsliv og bruk av Stikk UT!

124 000

Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, kommunalt oppgavefellesskapOpplæring i friluftsliv for barn i skolen

220 000

Molde KajakklubbCamp Rangøya

30 000

Norges Jeger- og Fiskerforbund Møre og RomsdalJakt, fiske og friluftsliv i skole og barnehage

150 000

Romsdal og Nordmøre krets av Norges SpeiderforbundTrygg i naturen for barn og voksne

50 000

Sunnmøre friluftsrådURØRT 2024

70 000

Sunnmøre friluftsrådIntrokurs i nærfriluftsliv

50 000

Sunnmøre friluftsrådMed mose i håret og plaster på såret

124 000

Sunnmøre friluftsrådFriluftsliv i SFO

60 000

Sunnmøre friluftsrådFriluftsskular 2024

60 000

Sunnmøre krins av Norges KFUK KFUM SpeidereKrinsleir 2024

40 000

Sum: 

1 670 000

Tiltak i statleg sikra område:

SøkerTiltaksnavn

Tildeling

Kristiansund kommuneVegetasjonsrydding

59 000

Kristiansund kommuneVegetasjonsrydding

45 000

Kristiansund kommuneSikring av skråning mot sjø og trapp

102 000

Kristiansund kommuneAdkomstvei og vegetasjonsrydding afremmede arter

75 000

Kristiansund kommuneSkilt, søppeldunk og oppgrusning

155 000

Kristiansund kommuneHMS

65 000

Molde kommuneMaterialer til produksjon av Parkbenker til Julne

30 500

Molde kommuneBygging av ISAK-Plassen

100 000

Molde kommuneMoldemarka Vest Uthus vedlager ved Storlihytta

499 000

Rauma kommuneDagsturbu

100 000

Rauma kommuneToalett

330 000

Stranda kommunePlatting med rampe til sjø for rørslehemma badehus

204 000

Stranda kommuneSikring av turveg i Stigholen

31 000

Sunnmøre FriluftsrådGapahuk/paddlehuk

205 000

Sunnmøre FriluftsrådVikholmen- reparasjon kai

210 000

Sunnmøre FriluftsrådLeirvåg-Furnes

411 500

Sunnmøre FriluftsrådBadebøyer Skråvika Ålesund

23 000

Sunnmøre FriluftsrådOpprustting Bord grill benker på badeplass

101 000

Surnadal kommuneSanitæranlegg - Kavlvegen kultursti

194 000

Sykkylven kommuneOpparbeiding badeplass del II

160 000

Vestnes kommuneKråkvika og Friluftsområde - vedlikehald av tursti

100 000

Vestnes kommuneKråkvika Friluftsområde - informasjonstiltak

90 000

Vestnes kommuneVedlikehald av statleg sikra friluftsområde

30 000

Sum: 

3 320 000

Lenke til saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for kultur- og folkehelseutvalet sitt møte 6. februar 2024