Fjørtofta ferjekai i 2018.
Kai Bedringås
Kaiene på Skjeltene, Lepsøya, Austnes, Fjørtoft og Myklebust vart nedlagde då Nordøyvegen opna i 2022, og ferja slutta å gå. Fagrapportar konkluderer med at det ikkje lenger er behov for å ta vare på kaiene for fylkeskommunen sine føremål, verken til beredskap eller trafikkavvikling. Andre aktørar, offentlege eller private, kan likevel få nytte av anlegga.
Kaiene er i dårleg teknisk stand, og Møre og Romsdal fylkeskommunen har i dag løpande utgifter til inspeksjon og sikring. Midlar til å rive kaiene har hittil ikkje blitt politisk prioritert.
Tilkomstvegane til to av dei fem kaiene er allereie omklassifiserte frå fylkesvegar til kommunale vegar. Fylkeskommunedirektøren varslar at klassifiseringa av dei resterande vegane vil bli vurdert etter ei eventuell avhending.
Fylkeskommunedirektøren ser ikkje behov for å behalde kaiene, men meiner det er positivt dersom kaiene likevel kan ha nytte for samfunnet med ein annan eigar.
Saksliste og saksframlegg for samferdselsutvalet onsdag 4. februar