Fem tips til deg som skal velje vidaregåande

1. mars er frist for å velje vidaregåande opplæring, og 3300 10. klassingar i fylket må ta eit viktig val.

Kvinne i grå blazer framfor pc smiler. - Klikk for stort bileteGode tips frå Annik gjer det lettare å velje vidaregåande opplæring. Jan Ragnvald Eide

Annik Kanestrøm, karriererettleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, fortel kva som er viktig å tenke på når du skal velje utdanning.

1 Bli kjent med deg sjølv 

  • Tenk grundig igjennom kven du er, kva du kan, kva du vil, kva du likar og kva du syns er viktig. 
  • Spør deg sjølv: I kva timar går tida fortare, når er du motivert og kva er gøy? Kan det vere når du syng på badet? Når du reknar matte som besett for å finne svaret? Når du skaper noko med hendene? Kanskje det kan gi deg ein peikefinne på kva du skal velje. 
  • Det vil alltid vere fag som er meir kjedelege enn andre, men det er lettare å gjennomføre utdanninga dersom du også har fleire fag du likar. Kjenner du at du får til noko, får du betre resultat og opplever meir meistring.

2 Bli kjent med utdanningstilboda 

  • Kva slags fag finst, kvar kan du fortsette etterpå? Det er så mange moglegheiter. 
  • Snakk med nokon for å finne fram. Snakk med rådgivar på skolen, foreldre, vener og andre folk du synes er kloke.

3 Kva er viktig for nettopp deg og ikkje alle andre

  • Du blir lettare fornøgd med valet du tar viss du tenker over kva som er rett for deg. 
  • Det kan vere ubehageleg å velje noko anna enn vennane dine, men hugs at du får gå saman med andre som har like interesser, og det kan føre til nye vennskap. Ver bevisst på kva og kven du vil skal påverke deg. 

4 Ikkje tenk på kva du skal bli

  • Tenk på kva du ønsker å lære meir om, og kva som gir deg glede. Opplever du meistring og glede blir skolekvardagen mykje lettare. 
  • Uansett kva du vel, får du mange moglegheiter., Du kan gjere omval. Vel du feil, kan du velje på nytt. 

5 Arbeidslivet er i enorm endring, mange av yrka finst ikkje enno

  • Du skal berre velje vidaregåande, ikkje kva du skal bli. Mange av yrka i framtida er ikkje ein gong funne opp!
  • Å velje utdanningstilbod, handlar ikkje berre om å lære fag, men også å skaffe deg andre ferdigheiter som er viktig for arbeidslivet: kreativitet, teknologisk kompetanse, analytisk tenking, sjølvinnsikt, nysgjerrigheit, vilje til å lære. Du kan bruke det du lærer på mange måtar og du skal lære heile livet. 
  • Uansett kva du vel, vil fullført vidaregåande gi ei god plattform å bygge videre på. 

Her finn du dei offentlege vidaregåande skolane i Møre og Romsdal

Her søker du vidaregåande opplæring

Kontakt

Annik Kanestrøm

Rådgivar

Tlf: 97 79 30 12