Ferjene bidreg mest til utsleppsreduksjon

I Møre og Romsdal fylkeskommune er det ferjedrifta som bidreg mest til reduksjon i klimagassutslepp.

Ferje som ligg til kai. - Klikk for stort bileteBilferja Eresfjord ligg til kai på Åfarnes. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det viser miljøfyrtårn-rapporteringa og klimarekneskapen for driftsåret 2023.

Resultata frå 2023 viser at driftsorganisasjonen Møre og Romsdal fylkeskommune er på god veg mot å nå målet om 55 prosent reduksjon av klimagass-utslepp innan 2030. Faktisk kan fylkeskommunen nå klima-målet allereie i 2025. 

Det geografiske området Møre og Romsdal fylke synest derimot å vere langt unna å nå det nasjonale 55 prosent-målet innan 2030.

Grafikk som viser  utslepp av klimagassar frå verksemda Møre og Romsdal fylkeskommune i perioden 2018-2023 - og korleis ein ser for seg utsleppa fram mot 2030. - Klikk for stort bileteGrafikk som viser utslepp av klimagassar frå verksemda Møre og Romsdal fylkeskommune i perioden 2018-2030. Møre og Romsdal fylkeskommune

I den fylkeskommunale drifta er ferjedrifta framleis den største bidragsytaren til klimagass-utslepp, men det er også her ein har hatt den største reduksjonen av klimagassutslepp det siste året. For dei andre utsleppsfaktorane er det mindre endringar.

Vil betre talgrunnlaget

Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider kontinuerleg med å betre kvaliteten på talgrunnlaget, og gjere klimarekneskapen mest mogeleg fullstendig. Det siste året har vi fått inn tal for straumforbruket i samferdselssektoren (el-ferjer, el-bussar og straumforbruk i vegdrift).  Desse tala viser at den største straumforbrukaren er dei elektriske ferjene, som sto for nær halvparten (46 prosent) av heile det registrerte straumforbruket i fylkeskommunen.

Fylkeskommunen manglar framleis utsleppstala frå byggeprosjekta. Dette gjeld nye fylkeskommunale bygg og vegutbyggingsprosjekt. Ein håpar å få dette også på plass i løpet av dei neste to åra.

Lang veg å gå på kjeldesortering

Når det gjeld kjeldesortering har fylkeskommunen framleis ein veg å gå. Fleire einingar melder at dei ikkje har gode nok system for kjeldesortering av avfall. Frå 2023 vart det lovpålagt å sortere plast og organisk avfall, og difor må alle einingane i fylkeskommunen fylle kravet så snart som råd. 

Andre moment frå den siste rapporteringa:

  • Utsleppstala frå transport endra seg lite frå 2022 til 2023, flyreisene bidrog med 870 tonn CO2, medan tenestereisene med bil utgjorde vel 500 tonn
  • På skolane auka talet på flyreiser til Europa  med 32 prosent, frå 1.859 reiser i 2022 til 2.450 i 2023
  • Kjeldesorteringsgraden gjekk totalt ned frå 50 prosent i 2022 til 43 prosent i 2023, i sentraladministrasjonen var kjeldesorteringsgraden 70 prosent i 2023

PS: Lurer du på kor mykje eitt tonn CO2-ekvivalentar er? Då kan dette eksempelet vere til litt hjelp: Ein personbil (bensin eller diesel) som køyrer 15.000 kilometer i året slepp ut klimagassar tilsvarande fire tonn CO2-ekvivalentar, ifølge Stiftelsen Miljøfyrtårn. I reknestykket for utslepp frå fossilbilar er dei indirekte produksjonskostnadane tatt med.

Miljøfyrtårn og klimarekneskap 2023 finn du i Årsrapport 2023 for Møre og Romsdal fylkeskommune.