Ferjestatistikken for 2023: Størst auke på nye gratis-samband

Ferjetrafikken på fylkesvegane auka i 2023 med 5,3 prosent samanlikna med 2022. Auken er størst på dei nye gratis-sambanda. Samtidig gjekk attståande køyretøy ned frå 0,72 prosent til 0,66 prosent i 2023.  

Ferje på fjorden - Klikk for stort bileteBilferja MF Skopphorn på ferjesambandet Magerholm-Sykkylven. Terje Aamodt/Møre og Romsdal fylkeskommune

Møre og Romsdal fylkeskommune driftar 20 ferjesamband i fylket vårt. Totalt i 2023 transporterte fylkesvegferjene over 4,4 mill. køyretøy, eller meir enn 12.000 køyretøy i snitt kvar dag. Totalt vart det transportert over 200.000 fleire køyretøy i 2023 enn i 2022.

- Alle samband i 2023 har auke i trafikken samanlikna med 2022, men ikkje uventa er det dei nye gratis-sambanda som har hatt størst prosentvis vekst, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM.  

I august 2023 blei tilbodet med gratis ferjer utvida til alle samband som ikkje har alternativ reiseveg til fastlandet. Alle gratis-sambanda har ein høgare prosentvis auke i trafikken enn dei som ikkje er gratis.

Trafikkauke, men færre attståande køyretøy

Talet på attståande køyretøy i 2023 har gått ned samanlikna med 2022. Teljinga viser at det i 2023 var om lag 29.000 køyretøy som ikkje fekk plass på ferja og måtte vente til neste avgang. Det er ein nedgang på 2,3 prosent frå 2022, noko som er ei god utvikling  når vi ser det i samanheng med at det har vore trafikkauke i same periode.

Køyretøy under 6 meter aukar mest

Statistikken skil mellom køyretøy over og under 6 meter. Totalt for alle samband auka køyretøy under 6 meter med 5,7 prosent, medan over 6 meter auka med 2,4 prosent samanlikna med 2022.

Dei klart største ferjesambanda på fylkesvegane er Magerholm – Sykkylven og Hareid – Sulesund.

Ferjene mellom Magerholm – Sykkylven transporterte over 880.000 køyretøy i 2023. Det betyr ein auke på 4,5 prosent. Sambandet hadde ein auke på 5,3 prosent for køyretøy under 6 meter, og ein nedgang på 3,9 prosent over 6 meter.

Hareid – Sulesund er nesten like stort, og transporterte 800.000 køyretøy i 2023. Det blei ein auke totalt for sambandet på 3,9 %. Auken er 4 prosent for køyretøy under 6 meter, og 3 prosent over 6 meter samanlikna med 2022.

Åfarnes – Sølsnes har ei auke på 0,6 prosent samanlikna med 2022. Auken er på 1,1 prosent for køyretøy under 6 meter, og ein reduksjon på 2 prosent for køyretøy over 6 meter.

Seivika – Tømmervåg har auke på køyretøy over 6 meter med 8,4 prosent, med ein samla auke for sambandet på 3,6 prosent i 2023. Trafikkveksten for køyretøy under 6 meter er på 3,1 prosent.

Aukra – Hollingsholmen har ei auke på 8,9 prosent frå 2022. Auken er størst på køyretøy under 6 meter med 9,3 prosent. Sambandet vart gratis ifrå 16. august 2023, og fram til sambandet vart gratis (januar – 15. august) var det ein auke på 8 prosent samanlikna med 2022, i perioden etter at sambandet vart gratis (16. august – 31. desember) var auken på 10,4 prosent.

Fleire personar per køyretøy på turistsambanda

Statistikken viser at talet på personar per køyretøy held seg stabilt med tidlegare år, og ligg på 1,7 personar per køyretøy i 2023.

– Ikkje uventa er det dei typiske turistsambanda som har flest personar i kvart køyretøy, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM. – Her ligg tala på mellom 2,2 til 2,4 personar per køyretøy.

Dette gjeld samband som:

  • Eidsdal – Linge
  • Geiranger – Hellesylt (vintersamband, 1.januar – 31. mars og 16. oktober – 31. desember)
  • Småge – Orta – Finnøya – Sandøya - Ona
  • Standal – Trandal – Sæbø – Skår – Valderøya - Store Kalvøy

 

Køyretøy opptil 6 meter, i 2023

Samband

Antal i 2023

Endring frå 2022

Arasvika-Hennset40 94915,8 %
Aukra-Hollingsholmen366 0159,3 %
Brattvåg-Dryna49 48011,3 %
Edøya-Sandvika121 4807,1 %
Eidsdal-Linge210 5974,3 %
Festøya-Hundeidvika27 41813,0 %
Geiranger-Hellesylt5 35086,3 %
Hareid-Sulesund721 1584,0 %
Kvanne-Rykkjem147 8853,3 %
Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya71 1578,1 %
Molde-Sekken25 23537,4 %
Seivika-Tømmervåg259 6873,1 %
Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona21 49827,9 %
Solholmen-Mordalsvågen192 9348,1 %
Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy5 33113,0 %
Stranda-Liabygda176 9205,4 %
Sykkylven-Magerholm817 0875,3 %
Sæbø-Leknes42 14613,3 %
Volda-Lauvstad104 4275,0 %
Åfarnes-Sølsnes384 4141,1 %
Årvika-Koparneset174 6717,2 %
Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband3 965 8395,7 %

Køyretøy over 6 meter, i 2023

Samband

Antal i 2023

Endring frå 2022

Arasvika-Hennset5 7279,3 %
Aukra-Hollingsholmen33 1825,2 %
Brattvåg-Dryna5 008-7,6 %
Edøya-Sandvika14 0413,3 %
Eidsdal-Linge36 14012,5 %
Festøya-Hundeidvika3 881-2,7 %
Geiranger-Hellesylt563127,9 %
Hareid-Sulesund84 7363,0 %
Kvanne-Rykkjem21 046-5,3 %
Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya6 7401,0 %
Molde-Sekken1 24352,3 %
Seivika-Tømmervåg27 5308,4 %
Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona1 98826,9 %
Solholmen-Mordalsvågen11 87611,6 %
Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy762-2,6 %
Stranda-Liabygda34 5076,6 %
Sykkylven-Magerholm69 381-3,9 %
Sæbø-Leknes3 270-3,9 %
Volda-Lauvstad7 671-1,1 %
Åfarnes-Sølsnes83 910-2,0 %
Årvika-Koparneset20 29110,7 %
Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband473 4932,4 %

Attståande køyretøy i 2023

Samband

Antal

Attståande av total antal køyretøy

Arasvika-Hennset1090,23 %
Aukra-Hollingsholmen1170,03 %
Brattvåg-Dryna1480,27 %
Edøya-Sandvika2740,20 %
Eidsdal-Linge18 1437,35 %
Festøya-Hundeidvika560,18 %
Geiranger-Hellesylt1171,98 %
Hareid-Sulesund3 0320,38 %
Kvanne-Rykkjem5960,35 %
Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya6250,80 %
Molde-Sekken230,09 %
Seivika-Tømmervåg3030,11 %
Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona3181,35 %
Solholmen-Mordalsvågen2440,12 %
Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy130,21 %
Stranda-Liabygda8330,39 %
Sykkylven-Magerholm1 7400,20 %
Sæbø-Leknes1750,39 %
Volda-Lauvstad570,05 %
Åfarnes-Sølsnes1 4390,31 %
Årvika-Koparneset1 0900,56 %
Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband29 4520,66 %