Opning av Fred Kavli Science Center i Eresfjord, og samtidig markering av at Romsdalsmuseet har overtatt Fred Kavli sin heimgard.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Blant deltakarane under arrangementet var høgare utdannings- og forskingsminister Oddmund Hoel.
Fylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal var også blant gjestane, og i si gratulasjonstale la ho vekt på den rause donasjonen frå Kavli-stiftinga til Romsdalsmuseet.
– Ved markeringa av avtalen mellom Kavli-stiftinga og Romsdalsmuseet i 2021, vart det uttrykt stor forventning, men også spenning for avtalen og framtida til garden, under forvaltninga av Romsdalsmuseet. I dag kan vi trygt seie at samarbeidet har vore ein suksess, når Kavli-stiftinga stolar på denne arven til Romsdalsmuseet ved å donere garden i sin heilskap til Romsdalsmuseet, sa fylkesvaraordføraren.
– Vi håpar at Kavli-stiftinga vil sjå at deira generøse donasjon har vore det rette valet for forvaltninga av Fred Kavli sin unike arv, sa ho vidare.
I november i fjor løyvde eit einstemmig kultur- og folkehelseutval 750.000 kroner til Romsdalsmuseet i eingongstilskot for overtaking av Kavli Moen gard.